— Eg sat i det gamle huset i Valle då eg fekk telefonen om at Kjell var død. Då la eg vekk alt anna og skreiv denne teksten. Det var ikkje så mykje anna som verka meiningsfylt å gjere akkurat då, seier Paal-Helge Haugen.

Diktaren frå Songdalen kjende Nupen godt etter at dei to først trefte einannan i 1985. — Det starta då vi sat i Kristiansand Kunstforening og prata på den siste dagen i gjenombruddsutstillinga hans, fortel Haugen. Året etter brukte dei to store delar av i Paris, der dei samarbeidde om ord/bileteverket «Horisont».

— Under eit så tett samarbeid mellom kunstnarar skal det litt til at ein ikkje ryk i tottane på kvarandre. Men det skjedde ikkje. Kjell var ein ganske privat person, så det betyr mykje for meg at han likevel sleppte meg så nært innpå, seier Haugen.

«Så er Kjell Nupen gått ut or tida . Vi visste at han var alvorleg sjuk, og at han neppe ville vare lenge. Men det minkar ikkje sorga, og det nesten uforståelege ved at han ikkje lenger er mellom oss. Vi ville så gjerne hatt han der ute i verkstaden på Hånestangen, i stadig arbeid med nye bilete. Kjell er gått or tida, men borte er han ikkje. Han vil finnast framleis, og halde fram med å finnast, gjennom den kunsten han etterlet seg. Den er for viktig til at den kan bli borte.

Det verket som blir ståande etter Kjell Nupen, er så omfattande at det knapt lar seg forstå at denne mannen berre vart 58 år. Han hadde ein eksperimentvilje og ein utprøvingstrong som førde han i retning av stadig nye teknikkar og materialar, han bevega seg frå måleriet og grafikken til skulptur og glaskunst og endå vidare. Men likevel vende han alltid attende til måleriet. Det var hans eigenlege heimegrunn. Og midt i det utprøvande og sjangerbrytande var han også trufast mot sine grunnbilete, mot sine særlege motivkrinsar, som representerte noko fundamentalt både i hans liv og hans kunst. Store opne kystlandskap, svevande i lys og luft og hav og himmel, i eit spenningsfylt rom mellom abstraksjonen og det figurative. Eller djupe myldrande skogbotnar der kva som helst kunne skje. Stundom song fargane, stundom trekte dei seg taust attende til materiens mørker, den store urgrunnen. I Nupens natur-variasjonar er det som om landskapet tenker. Det tenker i oss. Dette oppnådde han også i kraft av at han var ein stor kolorist. Det koloristiske strekte seg langt ut over den særeigne blåfargen han var så kjent for - så altfor kjent for, slik at dette i den konvensjonelle oppfattinga overskygga den store koloristiske rikdomen som også var hans. Kjell Nupens fargar kunne vibrere i eit merkeleg mellomrom mellom det fysiske og det nesten metafysiske. Fargane stod mot kvarandre og tala, eller fortalde, og i brå augneblink kunne vi forstå kva dei sa.

Kjell Nupens kunstnarlege liv hadde både store brot og lange linjer. Det var Endeløs reise , men det var også Endeløs hvile; hans verden var ein stad for Transit samstundes som det var Hjemsted - slik nokre av hans bilettitlar fortel oss. Det var ro og rørsle, det var fråvær og intenst nærvær. Slik var også personen Kjell, og som menneske var han like generøs som han var i sin kunst. Det fekk vi merke, vi som fekk kjenne han, og ikkje minst dei av oss som fekk det privilegiet det var å arbeide kunstnarleg saman med Kjell.

Kjell Nupens kunst gjorde livet enda litt vakrare, sterkare, meir intenst for alle oss andre. Stort betre ettermæle kan ikkje eit menneske få.«