BOK

Forfattar: Gaute Heivoll

Illustrasjoner: Line Halsnes

Forlag: Cappelen Damm

Barnelitteratur av ypparste klasse

Gaute Heivoll har, svært fortent, gjort furore med vaksenromanen Før jeg brenner ned . Det blir knapt like mykje blest omkring barneboka Båten mellom stjernene, men la det vere slege ettertrykkeleg fast: her er det tale om barnelitteratur av ypparste klasse. Det er bok nr to i ein planlagt trilogi. Relasjonar mellom barn og vaksne, saman med barns forhold til døden, er planlagt å vere ein raud tråd gjennom trilogien. I Himmelen bak huset (2008) var det mamma som var død, i årets bok er det bestefar. La meg kort skissere innhaldet:

Ein haustkveld dreg Line og pappa ut i båten til den døde bestefaren hennar. Dei vil gjerne sjå beveren. Pappa ror, dei talar om beveren og anna – samstundes som vi får innsikt i tankane til veslejenta. Pappa veit kvar huset til beveren er, men Line vil ikkje inn der. Når pappa likevel går i land, skyv Line båten på vatnet att, årene fell ut og ho trur ho er åleine. Ho er redd for at beveren, skal kome og ta henne med seg ned i djupet. Men då er plutseleg bestefar på plass i båten. Ho snakkar med han, heilt konkret, slik at pappa seinare spør kven det var ho tala med. Så kjem eit plask, og med eitt er bestefar søkk borte. Pappa kjem symjande og alt endar sjølvsagt godt – men pappa er klissvåt og frys.

Språket er enkelt, munnleg prega og godt tilpassa ein situasjon der ein vaksen – mor, far, bestemor eller andre – les høgt før veslebarnet skal sove. Det er mørkt og kaldt, vatnet er djupt og svart, det er uendeleg langt opp til himmelen der Line ser bestefar på ein komet. Med andre ord, med ein grunnleggande tryggleik i botnen (pappa gjev til dømes mamma ein klem før dei dreg ut), kan forfattaren skape litt mystikk, litt spenning – spele varsamt på det overnaturlege, det mystiske. Slikt appellerer til alle barn.

Teksten er lagt inn i dei heildekkande illustrasjonane til Line Halsnes. Dei illustrerer tekstinnhaldet greitt, men det viktigaste er at dei – i alle fall for meg – blir ei kraftig utviding og utdjuping av Heivolls tekst. Handlinga er lagt til hausten, til ein kjølig og mørk kveld, og gjennom heile boka dominerer ein dus brunfarge. Kjolen til Line er grøn, og stjerner blinkar på himmelen. «Bestefar er akkurat slik jeg husker,» tenker Line – og så får vi ei nærskildring av andletet hennar – overrasking og glede lyser ut av augo. Eg festa meg elles mellom anna med korleis Halsnes teiknar pappas kraftige hand, knytt rundt åra han ror med – og den spinkle handa til veslejenta. Slike fine detaljar er det mange av, detaljar som småbarn er opptekne av, som kan sette fantasien i sving.

Tekstskrivar og illustratør må ha kommunisert svært godt. Som lærar, som far – og som bestefar – har eg lese svært mange barnebøker. Båten mellom stjernene peikar seg ut som ei av dei absolutt beste eg har lese nokon gong for barn i «lese for-alderen».