Forfatter: Aksel Fugelli

Sjanger: Biografisk samtale

Forlag: Cappelen Damm

Eit googlesøk på Per Fugelli gjev på norske sider 14.900 treff, på internasjonale 16.200. Undertittelen «Glimt av min far» fortel med tre små ord at forfattar og son, Aksel, er klår over at ei bok på knapt 250 sider i beste fall kan teikne eit brukbart portrett av sosialmedisinaren, legen, forfattaren, samfunnsdebattanten, familiemannen og kreftpasienten Per Fugelli.

Sonen Aksel har tildelt seg rolla som «Djevelens advokat» og kjem med kritiske innvendingar, negative synspunkt og pessimistiske spådomar. Junior har leita — og meiner å ha funne - ganske mange skilnader mellom liv og lære hos faren. Det stemmer, noko 71-åringen etter kvart vedgår. Men - og det er verdt å merke seg - som kreftpasient har han på linje med oss «vanlege» ikkje snike i køen.

Konfrontasjonane - eg meiner å ha dekning for så sterkt eit ord - er mange og harde. Det hender at senior går, men neste dag held diskusjonane fram. Og, så det også er sagt, litt etter litt nærmar dei seg kvarandre, kjem dei fram til, ja, skal vi seie, ei slags forsoning?

Det meste av samtalereferata er stadfeste til Barcelona og Oslo - i Jerusalem var far Per for sjuk. Tilfeldig sjølvsagt, men det slår meg at det passar usedvanleg godt. Innimellom får vi retrospektive glimt frå fugellifamilens opphald på Røst og i Finnmark. Junior Fugelli må ha brukt mykje tid på å lese gjennom kåseri, alle dei 20 bøkene senior har skrive og, ikkje minst, høyrt og sett tallause intervju i alle mulege slags media. Godt førebudd, med andre ord, og han er rett og slett nådelaus mot faren. «Du skulle virkelig hatt deg en på trynet», seier Aksel ein gong. «Fy faen, dette er ondskapsfullt!» bryt Per ut - og liknande sterke uttrykk er det ganske mange av. Som såkalla «rikssynsar» har Per Fugelli kommentert svært mykje. Eg nemner i fleng: røykelova, influensavaksine, innvandringspolitikk, den såkalla «flokken» og, for all del, dei sterke utfalla mot Frp og det dette partiet står for. Utan å seie meir, junior konfronterer også faren med uttalane hans om 22. juli og Frp - og her bøyer ikkje senior av.

Per Fugelli har i dag opparbeidd seg ein status som ikon, som guru for den saks skuld. Han står som ein bauta for nærleik, varme, sjenerøsitet, fellesskap og dei grunnleggande ikkje-materielle verdiane. Det er dette bildet mange av oss har av Per Fugelli, av eitslags opphøgd heilagmenne utan plett og lyte, Aksel prøver å stikke hol på. Sjølv om han, som nemnt, utan tvil finn mange døme på at det skilnad mellom liv og lære hos den ruvande 71-åringen, det gjer han ikkje mindre. Faktisk er det snarare tvert imot, etter å ha lese boka synst eg samfunnsrefsaren og rikssynsaren står fram som eit endå meir imponerande menneske. Ein bauta i moderne, norsk historie blir eit stort, levande menneske. Ein mann eg kan identifisere meg med. Ein mann å sjå opp til.