Den 13. mai i 2001 trakkar Lasse Echo, eg-personen i romanen Ekko, på ein tjukk, rusten spikar, og livet hans blir snudd på hovudet.

Retrospektivt får vi vite at han miste foreldra sine i ei bilulykke den 12. februar i år 2000, noko som slo han heilt ut. Etter sjukehusopphaldet den rustne spikaren fører med seg, blir han teken vare på av husverten sin, den originale, gamle og sjølvvalt einsame Walther Winther. Han er ikkje frisk, og den 21. juni 2001, finn Lasse Winther død ved sida av eit tomt glas. I eit brev den døde har skrive, blir han beden om å reise til ei bestemt adresse i New York, der ei Julia Winther bur. I konvolutten ligg 600 norske kroner og 6000 amerikanske dollar.

Lasse Echo gjer som Winther bed om i brevet, og møter Julia. Ikkje berre det, for Lasse Echo blir det eit møte med kjærleiken — og dermed også ei opning for noko nytt.

Så langt om den konkrete handlinga, som forresten sluttar dagen før 11. september 2001. Ekko er ein roman med mange fasettar. Når amerikanaren Winther fortel frå livet sitt, skjer det på engelsk - på mannens eige språk. Som eit slags heading til dei ulike hovudkapitla har forfattaren sett inn sitat frå Ovids Metamorfosar, Camus osv. For meg verkar sitata utanpåklistra.

Ekko er Vågnes andre bok. Grei nok, men han grip ikkje heilt fatt i meg. Dei mange fasettane forvirrar meir enn dei fascinerer.

Bjarne Tveiten

BOK

Ekko

Forfattar: Øyvind Vågnes

Roman

Tiden Norsk Forlag