Kunstnarvenner: Andre del av serie på fem artiklar.

Det begynte med eit rykte. Om den nyutdanna regissøren Yngve Sundvor. Scenograf og biletkunstnar Arne Nøst snappa det opp ved Teateret Vårt i Molde, der Edvard Hoem var sjef. Vi er midt på nittitalet.

— Hoem og eg drog til Barcelona, seier Arne Nøst. - Og tok toget vidare til franske Montpellier, der Yngve hadde regien på Molières Tartuffe. Ein svært fysisk versjon av stykket, vil eg seia. Det skjøna ikkje Hoem mykje av. Mens eg var så begeistra at eg tvang han til å invitera Yngve til Molde.

— Eg hugsar han spurte om eg kunne setja opp noko normalt også, skyt Yngve Sundvor inn.

Intenst tempo, visuell leik og respektlaus omgang med ein klassikar. Det var det Arne Nøst lot seg begeistra av.

— Det var ikkje mykje fransk, nei, seier Sundvor.

— Fransk teater er jo Gud hjelpe meg det kjedelegaste på jord.

— Det kan jo vera det er ulike sektorar der også, nyanserer Nøst.

— Ok. Klassisk teater, då.

Bøddelen trengst

Dei er begge opptekne av andre kunstprosjekt. Av litteratur særleg. Rett før tusenårsskiftet hadde Arne Nøst illustrert Per Lagerkvists roman Bøddelen. Den ga han til Yngve. Det blei til ei oppsetning på hovudscena ved Det Norske Teatret. Dei måtte få satt den opp som teater.

— Kvifor?

— Eg trur det er forståinga av vondskapen i teksten. Av at bøddelen trengst, seier Sundvor.

— Og det er ein veldig teatral tekst, seier Nøst.

— Den er framleis gyldig.

Med Nøst som scenograf og Sundvor som regissør, har dei også laga teater av Hamsunromanane Pan og Konerne ved Vandposten. Då Hanne Tømta, blei sjef ved Rogaland Teater, var det Arne Nøst og Yngve Sundvor som satte opp Mesteren og Margarita, Mikail Bulgakovs berømte roman og Tømtas første store satsing.

Når Nøst illustrerer tekstar, bruker han Sundvor som konsulent. Når Sundvor jobbar med andre scenografar, bruker han Nøst. Sist dei jobba saman, var i stykket "Oh my God" ved Rogaland Teater, sprunge ut av rogalandsk misjonshistorie, med manus av Sundvor.

Samspelet

— Kvifor blei eit vellykka profesjonelt samarbeid til vennskap?

Stille. Det haglar ikkje akkurat med adjektiv frå dei to. Som om det skulle vera unødvendig, og kanskje ein smule klamt.

— Det er jo ikkje sjølvsagt, nei, at det blir slik, seier Nøst til slutt.

— For meg er det vel det at vi har eit felles blikk på ting. Når vi er ueinige, forstår vi kva den andre meiner. Vi klarer å hissa kvarandre opp på ein positiv måte. Det ligg eit kunstnarisk edelt motiv bak kritikken. Andre kunne sikkert brukt ord som at vi har god kjemi, men det blir litt for esoterisk for meg.

— I botnen av vennskapet ligg kunsten, seier Sundvor.

— Teateret har alle kunstfelt i seg. Det er ei endelaus vaksenopplæring. Å ha ein der, ein du har respekt for, som gir deg dei råda du treng, når du treng dei – det gjer at vi torer meir saman. Å yta og ta i mot kritikk, og vera trygg på at det er i oppriktig meining, det er jo det vanskelegaste. Det er sjeldan vare. Eg trur aldri eg har blitt lei meg av Arnes kritikk. Men han har blitt litt oppgitt, hugsar eg.

Det er ein animasjonssnutt til førestillinga Putemannen i Bergen det er snakk om. "Dette har vi ikkje tid til," var Sundvors umiddelbare respons.

Då blei Nøst litt snurt. Eller oppgitt, var visst rette ordet.

— Men Yngve hadde jo rett. Når du har laga noko, vil du jo så gjerne at det skal funka, at du ikkje alltid ser om det faktisk gjer det.

Sjølv meiner dei det til slutt blei deileg stramt, og den beste førestillinga dei har laga.

— Vi har nok ein hang til film i vår måte å laga teater på, seier Nøst.

— Eg trur aldri vi kjem til å driva med ein tom stol i mørkret som forblir mystisk stykket gjennom. Du skal ikkje kjenna deg dum i teateret, du skal ikkje bli utsatt for kunstarroganse.

— Vi syns vel teateret skal "bjuda på", seier Sundvor. - Det elitistiske må liggja i å vera raus, i å fortelja på ein raus og underhaldande måte.

Midt i livet

— Det gjeld å opna for meir og meir, seier Sundvor.

— Vi er middelaldrande menn nå. Då gjeld det å gi full gass, ikkje setja på handbrekket. For det kan det vera mange grunnar til å gjera, det kan vera materielle, eller omsynet til eige renommé. Vi prøver iherdig å tora. Eg trur vi gir kvarandre råd som driv oss vidare. Slik kjennes det, i alle fall.

— Det er lite snakk om pensjonssparing, ja, supplerer Nøst. Sjølv er han for tida teatersjef ved Rogaland Teater. Han har ansvaret for at det skal gå rundt. Ansvar for arbeidsplassar.

— Det kjenner eg på. Men oppdraget eg har fått, er å tenkja fleire grupper publikum. Det har utfordra meg på andre estetikkar, og andre måtar å fortelja teater på. Teater er ein narrativ tradisjon. Men eg vil at det skal vera noko nytt, ein ny innfallsvinkel, eit nytt grep. Elles kan kven som helst vera teatersjef. Teateret er ein stad der det blir laga kunst. Og det er mykje arbeid. Men det er ikkje ein arbeidsplass, det er inga verna bedrift.

Som teatersjef har han gitt fleire oppdrag til frifanten Yngve Sundvor.

— Det ligg noko veldig viktig der, seier Sundvor.

— Blir ein tilsatt av ein venn, så bør ein levera over godkjent. Der ligg også eit vennskap på bordet som, dersom ein ikkje leverer det beste ein kan, også kan gå tapt. Det må vera ein gjensidig tillit der.

— Det er ein kontrakt?

— Ja, det er ein kontrakt. Det kan aldri vera ei venneteneste. Første bod er "du må alltid levera."

— Det ligg noko nådelaust i det, nikkar Nøst.

— Du kan bomma ein gong, kanskje, eller to. Men ikkje meir. Som venn har Yngve klippekort hos meg, det har han ikkje som profesjonell. Det er klart det er ei spesiell avveging når vi har ei så lang forhistorie, og det også ligg eit vennskap der. Men eg har ennå ikkje møtt kritikk på det. Oppdraget mitt som teatersjef er å sikra at dei beste folka kjem hit og jobbar med oss

Det private

— Utfordrar de kvarandre privat også?

— Vi er beskjedne der, seier Yngve.

— Vi bryr ikkje kvarandre lett med private kriser. Men vi veit om dei, og vi veit at den andre er der.

— Vi presser ikkje private kriser på den andre, nei, seier Arne. - Men når krisa først er der, er det godt å vita at du har den andre der. Det har vore viktig for meg det siste året.

— Eit stabilt vennskap har også mykje uuttalt ved seg, seier Yngve.

— Men eg blir snurt om Arne er i Oslo og ikkje ringjer og spør om vi skal ta ein kaffi. Det er ikkje sikkert eg kan, men eg må vita om det. Og viss han reiser til utlandet med andre, må eg også ha beskjed.

For når dei to drar på studietur er det også som venner. Det er mange timar i døgnet, på reise blir kanskje bare eitt par av dei brukt til teater.

— Når vi jobbar, er det lite tid til slike drodletimar, seier Yngve.

— Det er som eit ekteskap. Vi må få litt luft.

— Dersom de to ser teater saman, korleis føregår det?

— Vi er veldig like i måten å ta i mot teater på, innrømmer han.

— Vi blir like barnsleg glade over eitt minutt til ansporing. Og vi er like utolmodige. Vi kjedar oss fort.

Nøst, Sundvor og Al Pacino

Ein av studieturane deira gjekk til New York. Der såg dei Al Pacino i Kjøpmannen i Venedig

— Han fekk 20 minutt, slår Yngve Sundvor fast.

— Så gjekk vi. Det var kjedeleg. Dei hadde bare puffa ei stjerne inn på forscena. Han fekk nesten ståande applaus i det han kom inn. Veldig rart for oss skandinavar. Teater er fellesskap. Førestillinga er stjerna og det alt handlar om. Det her blei bare kjendiseri. Så skandinavane måtte reisa seg og gå. Det må kven som helst kunna gjera når eit teaterstykke ikkje innfrir, det meiner eg verkeleg. Det var ganske befriande å vera ramp i New York.

Yngve Sundvor, til høgre, har aldri blitt lei seg av Arne Nøsts kritikk. Men Arne Nøst blei litt snurt ein gong. Foto: Rune Vandvik