9. april 1940: «I svarte natta, utom eit einaste lys, seig me inn på jarnvegstasjonen i Oslo. Ved Stortingsbygningen kjørde to bussar upp til inngongen pakk fulle av tyske soldater. Det mørkre som då seig over min hug, var svartare enn natta.»21. april: «No får arbeidarpartiet, pasifistane og andre uslingar steikjast i sitt eige feitt. No er dommen avsagd, og straffa vert fullbyrda. Aldrig kunne eg trutt at vårt folk hyste so mange uslingar. Min lyse draum om nordens folk held på å døy i ei mørk natt.»25. april: «Det har vore ein fager vårdag, men hugen er sår ved tanken på alle dei bombefly som har drege opover våre fagre bygder. Det kjennest tungt å liggja under Herrens dom! Men han som sjølv låg under domen, han har no all makt i himmelen og på jorda. Det er vårt einaste lys i natta, og so får han gjera med oss det som er godt i hans auge. Han ser lenger og veit meir enn oss! Vår Gud, gakk ikkje frå oss!»28. april: «Det er smått stell med oss menneskje — ogso med oss kristne. Når det ser mørkt ut så tvila me, når det ser lyst ut, då trur me.»2. mai: «Herre Jesus! Kor lenge vil du dryga før du talar?»