Gunstein Bakke, byglendingen som for tida held til i Trondheim, debuterte med romanen Kontoret for fem år sidan. Det litterære handverket var framifrå. Han har teke seg god tid med oppfølgjaren, Den indre olding, men så har resultatet også blitt svært bra. «Den vanskelege andreboka» — gløym den floskelen når det gjeld Gunstein Bakke.

Forfattaren har ikkje gjort det enkelt for seg. Den indre olding handlar om noko så vanskeleg og omstridd som spiritisme, om såkalla «medium», om kontakt med menneske som er døde, i enkelte høve heilt tilbake på 1600-talet. Handlinga er dels lagt til eit lite bygdesamfunn, dels til, skal vi seie «den andre sida». Retrospektivt får vi også enkelte glimt frå det tidlegare bylivet til eg-personen. Den pussige tittelen oppfattar i alle fall eg som eit slag signal om kva eg-personen ønskjer seg: bort frå jag og mas og hektisk byliv, tilbake til noko opphavleg. Heilt ut går det ikkje, på grunn av systera må han forhalde seg til omverda, ta grep han eigentleg ikkje ønskjer å ta.

Men, søskenparet Mattias og Regine har altså sagt velleva til bylivet, og flutt tilbake til bygda der dei vaks opp. Ho er kunstnarmålar, han driv på sett og vis dank, men lagar i alle fall mat, og prøver å ta seg av systera og ei senil mor.

Mollak, mannen og læraren som i si tid oppdaga at Regine har heilt ekstraordinære, spiritistiske evner, kjem tilbake. Det er denne tilbakekominga som innleiar romanen. Eg trur ikkje namnet er tilfeldig. Det er ikkje svært langt frå Mollak til Det gamle testamentet sin Molok. Han vil at Regine, det unike mediet, skal stille seg til disposisjon igjen, trass i at han nesten har teke livet av ho tidlegare. Okkultisme er eit vanskeleg terreng å manøvrere innanfor, dessutan kan det vere farleg.

Stort meir skal eg ikkje seie om den konkrete handlinga, som til tider kan vere vanskeleg å følgje. Gunstein Bakke har, etter mi meining, hatt ein litterær figur i hovudet når han skapte Mattias, nemleg Vesaas-figuren Mattis. Som med Mollak og Molok, det er ikkje spesielt lange vegen frå Mattias til Mattis. Det finst forresten også andre døme på allusjonar i romanen.

Gunstein Bakke er litterær handverkar i særklasse. Ein norsklærar kan berre bøye seg i støvet; lange avsnitt er finstemt prosalyriske:

«Når jeg setter fra meg sykkelen og går mot garderobebygget, må lave tings lover ha trådt i kraft, for fargene er bundet av mørket bak dem og pusten dratt ut i makulatorspiraler, mens en hørlighet finnes i det frosne lyset som er dets våkne, blinde side.»

Bokmål altså, eller helst riksmål. For meg vert det eit paradoks at ein byglending skriv eit slikt fenomenalt bokmål/riksmål. Bygland var i si tid mellom dei aller første kommunane som tok nynorsk i bruk etter det såkalla «jamstillingsvedtaket» i Stortinget midt på 1880-talet.

Bjarne Tveiten

BOK

Den indre olding

Forfattar: Gunstein Bakke

Roman

Forlag: Gyldendal