Først i boka får vi, litt tilhylla, vite kor enormt forteljaren, Vanja, saknar Becca. Deretter blir eit altoppslukande, svært spesielt kjærleiksforhold mellom Vanja og Becca skildra retrospektivt.

Mykje av handlinga går føre seg i bustaden til Vanja. Det er vanskeleg å gje nokon karakteristikk av det som skjer, først og fremst fordi det er så oppsplitta og oppjaga. Nabokrangel er ein ingrediens (Wank og Kurt og ein hamster), flukt er ein annan og dyreplageri ein tredje. Men først og fremst er det dampande, sterkt sanseleg kjærleiksutfalding. Det som finst av handling, er hakka opp i mindre bitar. Her og der prøver Vanja å stanse opp, gå i seg sjølv.

I botnen av det heile ligg eit grunnleggande tap Vanja har lide, og som vi, som nemnt, får antyda heilt i starten av romanen. Dette har også Piloten, som er det underlege namnet på mor til Vanja, (kanskje) eit visst ansvar for.

Forvirra?

Eg og. Det er gode avsnitt i denne spesielle romanen. Av og til finn forfattaren fram til genuint nye og overraskande bilde og metaforar. På plussida kjem også avsnitta der forteljaren søker innetter i sitt eige sinn. Men det samla inntrykket blir forvirrande. Eg greier i alle fall ikkje å sette i hop dei surrealistiske fragmenta til noko som minner om einslags meiningsfylt heilskap. Inkjeseiande er dessverre eit høveleg ord om boka.

Bjarne Tveiten

BOK

Armløs slår tilbake

Forfattar: Lisa Charlotte Baudouin Lie

Roman

Forlag: Oktober