Forfatter: Alexander Wisting

Sjanger: Krim

Forlag: Kagge

Handlinga i denne krimromanen er lagt til Christiania hausten 1792. Revolusjonen herjar i Paris, kongar og overklasse i Europa skjelv i buksene. Midt på natta, i overklassestrøket, dreg ein hest ein bunden, brennande mannskropp etter seg. Rituelt drap? Leitinga etter mordaren gjer at Wedel må gå på lag 160 år tilbake i tid, til trettiårskrigen og til Tyskland.

Trettiårskrigen og revolusjonstiåra i Europa fungerer som bakteppe for ei intrikat og valdeleg historie i vesle Christiania i utkantlandet Noreg. Nokre stikkord til om handlinga: store verdiar etter plyndringar på 1630-talet vert kjempa om, relikviar, massedrap i Guds namn, nei, eg stoppar der.

Wisting er biograf, men også filmskapar. Det siste pregar boka, forfattaren teiknar opp detaljerte, naturalistiske scener. Boka fyller rundt 480 sider, og sjølv om det stadig dukkar opp nye fakta som driv handlinga vidare; eg synst det blir for mykje utpensling av detaljar.

Forfattaren greier å halde på spenninga, det fullstendige bildet blir først klårt mot slutten. Relativt korte kapittel og raske sceneskifte hjelper, men ei innstramming hadde gjort godt. Dessutan, som lesar skal du helst ha litt kunnskap om både trettiårskrigen og den franske revolusjonen for å kunne få fullt utbytte av lesinga. Hovudpersonen er fiktiv, men fleire historiske personar er med.

alexander wisting bilde.jpg