Forfatter: Espen Ytreberg

Sjanger: Dokumentar

Forlag: Press

Sommaren 1914 blei ein heil liten by bygt opp på Frogner. I fem månader fanst byen — Jubileumsutstillinga - og 1,6 millionar menneske besøkte dei mange bygningane. Deretter blei alt saman rive. Ganske snart var også utstillinga gløymt av dei aller fleste.

Då den omstridde «Kongolandsbyen» blei opna i midten av mai i år, var det sikkert mange som blei klår over Jubileumsutstillinga frå 1914. Enkelte har - kunnskapslaust - meint at den såkalla «Jødeparagrafen» i Grunnlova frå 1814, var eit arbeidsuhell. Noko arbeidsuhell var heller ikkje «Kongolandsbyen» i 1914. Heldigvis var denne landsbyen berre ein parentes, saman med ein berg-og-dalbane og andre underhaldningstilbod. Til saman var det godt over 200 bygningar som på mange måtar dokumenterte kva for framsteg den unge nasjonen Noreg hadde oppnådd på 100 år.

I ein kort omtale er det umuleg å få med meir enn nokre døme; og eg nemner i fleng: landbruksavdelinga, maskinhalla, sports- og turismepaviljongen, det utflutte Noreg, kunstavdelinga og pressepaviljongen. Alt i hop blir grundig dokumentert, både i tekst og med illustrasjonar. For omfattande? Ja, på ein måte. Slik boka på 400 sider ligg føre, blir ho inga «folkebok». Eg synst det er synd. Så spesiell som utstillinga på Frogner i 1914 var, hadde ei lettare tilgjengeleg bok vore eit betre alternativ. Meiner eg.

Ytreberg.jpg