Forfatter: Ingvar Ambjørnsen

Sjanger: Roman

Forlag: Cappelen Damm

Eg-personen Alexander Irgens, norsk krimkonge, møter vi på veg til Lillehammer — saman med elskarinna Vilde - der den sjette romanen om Stig Hammer, «Høye, mørke menn», skal lanserast. Utover i romanen blir vi med på reiser til Island, Hamburg og Schwerin. Innimellom får vi retrospektivt vite at Irgens som ung gav ut eit par lovande novellesamlingar.

Det finst nokre tilknytingspunkt til «Natten drømmer om dagen» , (2012), men eg skjønar ikkje heilt korleis «Ut av ilden» og «Natten drømmer om dagen» skal bli dei to første binda i ein «krins», noko Ambjørnsen sa i 2012. Med å la Irgens ikkje berre vakse opp i Larvik, men - som Ambjørnsen sjølv - bli æresborgar av vestfoldbyen, kan han ironisere med tendensen til å nytte lett attkjenneleg biografisk stoff i moderne skjønnlitteratur.

Endå skarpare er utfalla mot ein annan trend , dei til tider ekstreme valdsskildringane i krimsjangeren. Forlagsbransjen generelt, og Ambjørnsens forlag, Cappelen Damm, får også gjennomgå til dømes for opphausinga av bestseljarar - og «flørtinga» med kjendisblad.

Men, heilt i botnen, er «Ut av ilden» ein tankevekkande roman om ein forfattar som går på akkord med seg sjølv - som vel ein velfylt bankkonto framfor å utvikle sitt store, litterære talent. Dessutan imponerer forfattaren med naturskildringar som ingen annan nolevande norsk forfattar når opp til.

Ambjornsen_UtAvIlden.jpg