Eg meiner å ha lese ein stad at Henrik H. Langeland skal ha sagt at han var ferdig med Christian von der Hall, alias Wonderboy, frå 2003. Han har likevel ombestemt seg, og i "Fyrsten" møter vi jet-set-fyren vel eit tiår seinare, 47 år gamal, som kommunikasjonsrådgjevar og eigar av PR-byrået Hall Consulting. Byrået er ikkje stort, men med kundar som til dømes Røkke og Lockheed Martin har det godt rykte. Uoffisielt gjev han også råd til AP-duoen Jens Stoltenberg og Jonas Gahr Støre. Håret har fått eit grått stenk, men den fysiske forma er god. No vil han inn i politikken også, og det er Høgre han har satsa på, valkampen til Høgre i 2013. Det blir etter kvart kjelkete for å seie det forsiktig.

Langeland let "Fyrsten" boltre seg i fri dressur mellom diverse PR-rådgjevarar, finansakrobatar av ymse slag, bladfykar, også av høgst ulike slag, politiske toppar osv. Nokre er skapte av hovud, andre er kjendisar "alle" veit kven er. Om sjølve plottet skal eg seie lite, men la meg understreke at Langeland er ein uhyre dyktig og oppfinnsam historiesnekkar. Eg var fullstendig hekta etter 20-30 sider, og kjensla heldt seg gjennom alle dei 430 sidene.

Såkalla "merkevarer", alt frå bilar til klokker, klede og drikkevarer blir presentert — for å underbygge bildet den snobbete "Fyrsten". Han har hatt "Birken" på årsplanane sine i mange år - og han har gjort det godt. Dametekke har han også, og kona, som braut ut av ekteskapet etter katastrofen som avslutta "Wonderboy", har han heller ikkje avskriva.

Boka er først og fremst underhaldning. Men, for meg står ho også fram som eit satirisk åtak på sider ved det eg kanskje kunne kalle "eliten" og "elitekulturen" i dagens Noreg generelt, og i hovudstaden Oslo spesielt. Mange av dei oppdikta personane, ikkje minst journalistar og finansfolk, får så hatten passar. Samrøret mellom politikarar, pressefolk og kommunikasjonsrådgjevarar blir nådelaust avkledd.

Det er ikkje vakkert, og sjølv om det sikkert er mange politikarar som synst det kan vere stas å bli nemnt i boka, er det nok mange som ikkje likar framstillinga av politikar-, presse- og rådgjevarlapskausen. Eg er ikkje kjend i slike krinsar - og takk for det - så akkurat kor realistisk framstillinga er, skal eg ikkje har noka bastant meining om. Men - og det er eit poeng - eg har ikkje registrert at politiske tungvektarar frå noko parti har vore frampå med nemneverdig kritikk.

Likevel, er ikkje ordet "risikosport"? Eg meiner det å blande oppdikta og nolevande, verkelege personar med oppdikta. Ja, ikkje berre det heller; eg skal ikkje nemne namn - men det finst i alle to-tre oppdikta personar som det er lett å tru at er modellert etter nolevande, personar. Personleg synst eg det er greitt, anten forfattaren heiter Agnar Mykle eller Henrik H. Langeland.