Debutromanen til Linn Rottem handlar om ein familie på tre; dottera Agnes og foreldra hennar, Sara og Hallvard. På side ti får Hallvard, som er skodespelar, vite at Sara har blitt nesten drepen i ei bilulykke. Rett ut sagt, ho har blitt det som blir omtala som ei menneskeleg "grønsak". Hallvard bestemmer seg for å pleie kona si heime, sjølv om legane seier at ho vil få det best på ein institusjon. Dottera Agnes, rundt 14, er samd. Gjennom retrospektive glimt får vi inntrykk av at forholdet dei tre imellom ikkje har vore berre lyseraudt, og når far og dotter no skal stelle Sara, ha eit auga med henne heile døgnet, stelle henne på alle måtar, blir det ikkje betre. At sjansen for at kone / mor skal bli betre berre er teoretisk hjelper heller ikkje. Tenåringsjenta Agnes er som tenåringar flest, svært labil. Ho prøvar ut eigne grenser, ikkje minst når det gjeld gutar.

Forfattaren har mange ballar i lufta, to av dei sentrale er forholdet mellom far / mor på den eine sida, og ei tenåringsdotter med pubertetsproblem på den andre. Ein annan ball er kva ein slik katastrofe i ein liten familie gjer med dei som er tilbake — i ein røyndom der, i dette høvet - ei mor og kone er ute av stand til å kommunisere. I det heile, det handlar svært mykje om vanskelege kjensler i denne romanen. Debutanten let historia bli fortalt frå båe sider, det er dels Agnes som fortel, dels far Hallvard. Observasjonane og reaksjonane til 14-åringen, synst eg er heilt fenomenale. Fars psykiske tilstand er ikkje like nyansert, men som lesar blir også Hallvard ein mann som står til truande. Eit originalt, og vellykka, litterært grep er å sette inn små utdrag frå Ibsen-dramaet "Fruen fra havet". Dette skodespelet handlar om ei kinne som føler at ho er fanga inn i eit ekteskap - mellom anna. Grepet er med på å kaste lys over Sara, og forholdet til ektemaken.

Romanen er delt inn i fem akter, ikkje kapittel. Dei to første fortel om bilkrasjet, og, gjennom tilbakeblikk, tida før den fatale ulykka. Forfattaren bretter ut eit bakgrunnsteppe, som dei tre siste aktene blir sette oppimot. Bakgrunnsteppet verkar litt stilleståande, men etter kvart som eg las dei tre siste aktene, måtte eg for meg sjølv vedgå at mykje av det eg kallar bakteppet, faktisk er ein nødvendig del av boka. Det er i denne delen av romanen vi kjem under huda på personane, spesielt mor og dotter. Under det heile ligg noko desperat, einslags gjennomtrengande redsle for å måtte ta innover seg eit faktum; Sara vil aldri bli betre. Bortsett frå to-tre tilsynelatande meiningslause handlingar som Agnes og faren grip til - litt groteske er dei og - er det mellom linjene forfattaren formidlar desperasjonen og fortvilinga hos far og dotter. Det fortel om eit litterært talent utanom det vanlege.