Per Olov Enquist (79 i september) har ein omfattande og variert litterær produksjon bak seg. For fem år sidan kom den kritikarroste sjølvbiografien "Et annet liv." "Lignelsesboken" les eg som eit frittståande framhald av sjølvbiografien, eller kanskje heller ei utdjuping.

Forfattaren ser seg sjølv ståande med elva, klar for den siste einvegsreisa. Han har sett mange av venene sine døy, og føler at det hastar med å få skrive det han har på hjarta, ein kjærleiksroman. Litt forenkla er det møtet mellom forfattaren, 15 år gamal, og ei kvinne på over 50, som romanen krinsar rundt. Eit tre timar langt kjærleiksmøte, med drikking av brus og diskusjon om forfattaren Bernhard Nordh, endar med eit intenst samleie på eit furugolv ein varm julidag i 1949, initiert av 51-årngen. Skildringa, som er vakker og intens, er, sikkert ikkje heilt tilfeldig, plassert rundt midten av dei 220 sidene. Det kunne ha blitt grisete og fælt, men skildra med Enquists dirrande språk vert det det motsette. Og etterpå lyder det: "Og han skjønte nå, for første gang, det han før hadde ant: det var dette som egentlig var livets mening. Han hadde kommet igjennom. Det var dette som var livet."

Rundt dette skjeringspunktet handlar boka om mykje anna: om tida som alkoholikar, om barndomen i Hjoggböle i Västerbotten, om ungdomsåra, om alt som var synd, om den forsvunne (trudde han) notisboka der faren (kanskje) hadde skrive forbodne kjærleiksdikt til kona si osv. Dessutan går han inn og ut av mange av dei tidlegare bøkene sine, og omtalar mange av romanpersonane i dei. Boka handlar også mykje om tru og tvil — ikkje minst hans eiga tru, eller mangel på tru. Og så handlar det om døden, ikkje så rart når det gjeld ein mann som nærmar seg 80, og har hatt både mage- og hjarteproblem. Til alt dette tyr han til Bibelen, til sjangeren likning, og presenterer ni av dei i boka. Å gå nærare inn på dei ville krevje altfor stor plass, men hugs at Jesus nytta likningar som ein del av undervisninga av læresveinane sine.

La meg streke under at eit sentralt tema også i denne boka er det eg vil kalle det kristne mørkemannsmiljøet som han har skildra i mange bøker. Spesielt for romanen, der Enquist skriv om seg sjølv i 3. person (for å skape ein viss avstand?) er dessutan noko hektisk, som om forfattaren vil understreke at det hastar. I tillegg synst eg det ligg noko sårt og vemodig over store delar av boka. Eg har ikkje lese alt Enquist har skrive, men ganske mykje, inkludert sjølvbiografien "Et annet liv", men nokre av bøkene er det lenge sidan eg las. Eg måtte fleire gonger bla i tidlegare bøker for å få det fulle biletet av handlinga i "Lignelsesboken". På papiret går det an å lese boka med utbytte utan å kjenne Enquists tidlegare produksjon, men skal ein få fullt utbytte er det faktisk nødvendig å ha lese i alle fall ein del hans tidlegare verk.