KRISTIANSAND: Språkåret 2013 markerer både at det er 200 år sidan nynorskhovdingen Ivar Aasen vart fødd, og at det er 100 år sidan Det Norske Teatret heldt den første framsyninga si. Det siste gjekk føre seg 2. januar 1913 i Kristiansand. Her vart stykka "Ervingen" av Ivar Aasen og "Rationellt Fjøsstell" av Hulda Garborg sett opp, før ensemblet reiste vidare på ein vestlandsturne som heldt fram utetter vinteren.

I kveld er Det Norske Teatret attende i Kristiansand, men denne gongen på Kilden. Her står kulturminister Hadia Tajik for den offisielle opninga av Språkåret 2013. Programmet for øvrig inneheld mellom anna ei nykomponert fanfare, ein ny prolog skriven av Jon Fosse og talar og kunstnarlege innslag frå ei rik historie. Lutlaget Det Norske Teatret vart skapt som ein kamparena for nynorsk scenekunst, og kamp vart det.

Då teatret kom til Kristiansand vart det møtt med pipekonsertar frå studentar ved Katedralskulen, medan resten av publikum mykje bestod av tilreisande. Forestillinga var så populær at det vart sett opp ekstratog til byen. Og skal ein tru tro Fædrelandsvennen sitt referat lukta det knøost over heile lokalet av di publikum frå dalstroka innanfor hadde med seg niste og lefse som dei åt i salen.

Språkåret 2013 skal vere ei raus, inkluderande og samlande feiring av språklege skilnader og mangfald.