På slutten av 1699 møter eg-personen i denne romanen, norske Petter Hortten og professor Thomas av Bouberge, snøstorm på veg til Ribe i Danmark. Dei blir redda av ei kro, der det alt er tre gjester: ein prest, ein snikkar — og ein adelsmann. Kort etterpå blir adelsmannen drepen. Av kven? Og det neste drapet? Mellom menneska vi elles møter nemner eg ein spesiell hestekar og ei fattig kvinne som blir skulda for å vere heks! Den slags var livsfarleg på 1600-talet. På plass fell likevel ikkje alt før i 1746 då «eg» fører den utrulege soga si i pennen.Forfattaren har nok lese krimdronninga Agatha Christie med godt utbytte. Bibelen og Nostradamus kjenner han og. Det er forfattarens kunnskapar som gjer «Vredens dag» til ein fenomenal, historisk krimroman. Olaf Havnes' roman «Malurt heter stjernen» er - litterært - sauma over ein annan leist, men dei imponerande, historiske kunnskapane og evna til å skape litteratur av tal og fakta, delar Kurt Aust med Havnes. La meg ta eitt døme: den stakkars kvinna som blir skulda for å vere heks, viser seg etter kvart å ha samiske røter. Forfattaren veit mykje om samisk tru og overtru - også.Boka fyller vel 350 sider. Ei viss innstramming ville boka hatt godt av, men kunnskapane forfattaren let oss dele er så fascinerande at eg - alt i alt - sluttar med å konstatere: Ein spennande og svinaktig god spenningsroman!

Bjarne Tveiten