FINSLAND: No veit du det. Fordi me høyrde det på ein gamaldags bygdekveld skipa til av Songdalen Mållag på Heradshuset på Brandsvoll i Finsland fredagskvelden.Slike festar og folkeopplysingsmøte var vanleg helgeunderhaldning innover på Agder før i tida.Då gjekk folk mann av huse for å høyre ein Bent Røiseland eller ein O.S. Moi seie noe vettugt.Så lever det altså enno.Fredag var 34 personar (inkludert bladfyk og fotograf) samla på heradshuset. Nokre færre enn i fjor, men likevel. Festane har gått føre seg i fleire tiår. — Mogeleg me døyr ut, men me vinn stadig slag. Nynorsken smitter bokmålet, og det gamle hatet mot bygdemålet er borte. Me held stand. Og dialektane lever jo som aldri før, seier Halvdan Furholt, sjølv om han med medgje at gjennomsnittsalderen er noe høg på dei frammøtte.Halvdan er ein institusjon i mållagsarbeid og folkemusikkarbeid på Agder. Og sjølvsagt ei drivkraft bak bygdekvelden på Brandsvoll.Saman med mållagsleiar Målfrid Lindeland har han huka tak i noen av Noregs aller framste på sine felt til nett denne kveldsstunda. Lomheim legg ut

Talar er ingen ringare enn språkrøkter og norskprofessor Sylfest Lomheim. Det er han som legg ut om at skarre-r-en er importert til Sørlandet. Han blei utvikla i eit fisefint hoff i Versailles under Ludvig den 14. Så spreidde han seg over Kontinentet og nord til oss. - Og no spreier han seg med voldsom fart over heile det sørlege og vestlege Norge. Heilt til han treff tjukke lydar i Romsdal. Då stoppar han, akkurat som han alt lenge har stanga rundt Risør, fortel Lomheim.Slik endrar språket seg. Men det betyr ikkje at det forfell. Språk og dialekt vil alltid være ein blanding av fortid, notid og framtid og ytre impulser.Lomheim legg ut om den nye regionaliseringa av dialektane. Kristiansandsmål og bygdemål smeltar saman til ein likare dialekt. Slik er det over heile landet, bortsett fra Austlandet. Der vinn bokmålet. Lande dreg fela

Den andre hovudgjesten på bygdefesten er Noregs einaste professor i folkemusikk, Vidar Lande, opprinnelig frå Setesdal. Han spelar slåttar så det durer i det gamle Heradshuset. Han dreg ein namnlaus slått etter Petter Strømsing, ein frå det reisande folket. Strømsing kom frå Vestlandet og reiste mykje rundt på Agder på 1800-talet. Slik spreidde reisande folkemusikken.Lande tek same slåtten om att. Slik han blei spelt av Tarkjell Aslaksson Austad i Setesdal under namnet «Skorsvikjen».Lande spør om publikum høyrer forskjell på versjonane. Det er slikt folkemusikarar og mållagsfolk elskar. - Må ikkje døy

— Eg droppa gravferda til Einar Førde for å kome hit. Dette er motstraumskultur av godt, gamalt merke. Me må halde liv i dette. At folk er medvitne og opptekne av språket er heilt sentralt, seier språkprofessoren.Og det er me framleis i Noreg. Her i landet talar mellom 60 og 70 prosent dialekt. I Danmark er det berre fem prosent, i Sverige ti prosent.- På grunn av mangfaldet, skjøner me svenskar, danskar og gebrokne innvandrarar godt i Noreg. Me er faktisk dei i Skandinavia som best skjønar grannane våre. Slik sett er det som kan virke som gamaldags kamp for utgåtte dialekter, faktisk uendeleg viktig for å få harmoni i eit tverrkulturelt samfunn, seier Lomheim. Svære komper

Kompene kjem på bordet. Ei kvinne ler og seier dei har klaga til leverandøren kvart einaste år over størrelsen.- Men han svarer berre med å bake dei endå større.Latteren sit laust. Få greier å få ned meir enn ei halv ei.Ein av dei yngste i laget er fylkesleiar i Vest-Agder Mållag, Aslak Fjermedal frå Vennesla. Det er ei av dei bygdene Lomheim elskar høgast. Få held på talemålet sitt som venndølane.- Ja, eg er ikkje vonbroten. Kampen for norsk tradisjon og norsk språk vil ikkje døy, seier Fjermedal.Han har teke med seg to prov.Døtrene Mari (9) og Gyro (11) fylgjer godt med. Dei lærer noe om tradisjoner på Agder. Som dei tek med seg vidare. Kan hende skiper dei til liknande fester om 30 år. For som Lomheim seier:- Dette må berre ikkje døy ut.