Gitarvirtuos Nils Lofgren veit aldri kva han har i vente når han går på scena med Bruce Springsteen. Han fortel at dei to konsertane i Bergen neste veke vil bli svært ulike.

– Før var det gjerne slik at me spelte songar me eigentleg ikkje hugsa – no speler me songar me aldri har spelt før. Me tar dét å improvisera til eit nytt nivå, seier gitaristen, som har vore fast inventar i backingbandet til «The Boss» i 25 år.

Mot slutten av fjorårets turné blei nemleg den førehandsbestemte låtlista etter kvart verdilaus for bandet. Bruce Springsteen liker å ta ting på sparket, og tar villig imot låtønskje frå publikum.

– Publikum har med seg skilt med songnamn på, og Bruce samlar dei i ein stor haug på scena. Så rotar han gjennom det slik ein collegestudent rotar gjennom ein haug med skittentøy på jakt etter ei rein T-skjorte. Når han finn ein song han liker, må me andre springa for å finna eit instrument me kan bruka på låten.

Maks fem frå ny plate

Til no i turneen har bandet på denne måten pløgd gjennom alt frå gamle The Clash og Ramones-låtar, til låtar henta frå Springsteen si heilt tidlege karriere.

– Me vaks opp på sekstitalet, og spelte i pubband alle saman. Om me no må spela ein låt me ikkje spelte då, så har me alltids høyrt han på radio. Då stolar me på kvarandre, og kjem oss gjennom det. Det er ganske sjeldan for eit band å ta slike sjansar på scena, seier Lofgren.

Han fortel at Springsteen og bandet stort sett spelar mellom tre og fem låtar frå den nyaste plata, «Working on a Dream», under kvar konsert på turneen. Når «The Boss» og bandet kjem til Koengen tysdag, har dei over 30 konsertar i USA og Europa bak seg i vår. Springsteen skriv framleis settliste før kvar konsert, men rundt halvparten av showet er improvisert.

– Me i bandet må følgja nøye med Bruce på scena – plutseleg kan han ta ein heilt annan låt enn den som står på lista. Han gjer det ikkje for å tulla med oss, men fordi han blir inspirert av energien frå publikum. Så eg kan garantera overraskingar når me speler i Bergen. Det blir to svært ulike kveldar.

Hyllar Neil Young

I tillegg til Springsteen sjølv, deler Nils Lofgren gitaransvaret med Steve Van Zandt i backingbandet. Lofgren kom i si tid inn som vikar for Van Zandt, men sidan 1999 har dei begge vore med. På konsertane i Skandinavia har dei òg med seg ein ny trommis – 18 år gamle Jay Weinberg, sonen til fast E Street Band-trommis Max Weinberg.

– Han gjer verkeleg ein glimrande jobb, og har vore veldig profesjonell, seier Lofgren, som sjølv tok til i bandet til Neil Young som 17-åring.

I fjor kom plata «The Loner – Nils sings Neil», der Lofgren gjer utvalde Young-låtar live og i akustiske versjonar.

– Eg trur ikkje Neil har fått sjansen til å høyra plata enno, men eg håpar han vil sjå på prosjektet som eit ektefølt forsøk på å tolka dei vakre songane hans.

Gitaristen med svensk far og italiensk mor har ein travel timeplan, og legg òg ut flust med gitarleksjonar på nettet. Men for tida er det Bruce og E Street Band som gjeld.

– Det er så absolutt ein heiltidsjobb, seier strengemannen.

Foto: AP