Sverre Knudsen:

Mannen som ble edru

Roman

Aschehoug Sverre Knudsen debuterte i 1989 med romanen "Strålende nederlag", og har seinare gjeve ut 10-12 bøker av ulike slag: for barn, ungdom og vaksne. Vaksenromanen "Mannen som ble edru" er, såvidt eg kan forstå, det mest abisiøse han har skapt av litteratur til no. Før tusenårsskiftet ønskjer Knudsen å skildre korleis verda, sett frå underverda i Oslo, ser ut. Eg les denne romanen som eit slag kollektivroman. Som klubbeigar har Daniel levd eit hardt liv, ikkje minst prega av alkohol. Etter 3 år som "tørrlagt", prøver han å starte på nytt. Daniel (legg merke til namnet) prøver å få styring på livet sitt att. At han, mellom anna, gjer det med hjelp av Elmer, alkoholisert dørvakt og muskelape, gjev forfattaren høve til å konstruere ein spennande, men ikkje spesielt overraskande slutt. Eg-personen i romanen er Hardy, og eg oppfattar han som forfattarstemma i romanen. Han er stadig nærverande, men påfallande passiv — med sine gitarriff på el-bassen. Til Knudsen å vere synst eg også denne romanen er språkleg tam. "Mannen som ble edru" kan godt lesast som eit slags svart skildring av korleis verda ser ut - sett frå underverda i hovudstaden vår. Det smakar komedie av romanen, svart komedie, men eg har ei kjensle av at Knudsen med boka rett og slett har gapt for høgt. Verken Hardy, Daniel eller dei andre personane er truverdige nok. Bjarne Tveiten