Vaage skriv om å få eit barn med autisme og å leve med dette barnet inn i vaksen alder. Vaage har ein stor og god litterær produksjon bak seg, og dette er nok hans mest personlege bok. Eg-stemma kjem ofte inn på kor vanskeleg det er å skrive denne boka. Men det må gjerast. Og så blir ein som lesar vitne til fleire liv. Først til den unge kjærleiken mellom bussjåføren i Hardanger og psykologistudenten som han elskar med i ein kjellarleilegheit. Slik byrjar livet til G – barnet med autisme.

Innbundet.jpg

Lesaren blir med på den vonde oppdaginga av at barnet er annleis, blir med på møte med hjelpeapparatet, fylgjer med G på institusjon når ho blir eldre, blir med foreldra i møte med barnet sine besteforeldre og i veneflokken. Og me fylgjer forfattaren ut av det første og inn i eit nytt forhold. Det handlar mykje om å leve med eit autistisk menneske. Men det handlar like mykje om språk. «Eg fødde eit barn som ikkje delte mine ideal eller draumar, men som gav meg nokre andre draumar i staden. Dei draumane som eg enno ikkje kan drøyma. Dei forteljingane dette barnet fortalde, skal eg aldri nå. Det språket som ikkje er språk, kan me ikkje gjenskapa».

Han tar eit oppgjer med åtferdsterapien , dei mange forsøka på å lære barnet noko av det me alle lærer i oppveksten: «Eg ville vekkja barnet, for eg hadde fått for meg at det ikkje hadde godt av å vera seg sjølv. Eg ville endra barnet i mitt bilete. Barnet skulle vera som meg». Etter kvart erkjenner han at dette ikkje er vegen.

«Ho lærte ikkje. Ho lurte alle. Og tok vare på seg sjølv, omfamna seg sjølv, sitt eige indre, den sjela som ho hadde fått, av skaparen, ho mista aldri den. Ho var den ho var, trass i våre freistnader. Ho var seg sjølv, like full av kraft, heilt frå ho kom ut til verda, og fram til i dag», seier den mogne faren, han som har sett at det er han som må endre seg om han skal ha von om å nå fram til G.

Boka er djupt alvorleg , og ofte morosam. Ho er også djupt moralsk. Forfattaren skriv fram dette mennesket med vørdnad og respekt. Han lyfter fram det å vere annleis på ein måte som hjelper lesaren av med fordomar, som opnar både for innleving og forståing. Og så er det eit framifrå stykke litteratur, språkleg, stilmessig og som komposisjon heilt i toppklassa.