Maria, nesten 17, deler seng med Johannes, sonen på ein gard som ligg austom grensa mellom DDR og BRD. Tidsmessig er romanen lagt til sommaren 1990, kort etter at grensa mellom dei to statane blei opna. Ho skulkar skulen, drøymer seg bort og les Dostojevskij og Hamsun. På ein nabogard bur Henner, 40 år gamal, heilt åleine. Han er ein einstøing med frynsete rykte — ikkje utan grunn - samstundes er han karismatisk. Eit tilfeldig møte med han lokkar fram enormt sterke kjensler i Maria, først og fremst erotiske. Ho greier ikkje å styre dei. "Aldri har jeg trengt så lite og hatt så nok med meg selv som i dagene sammen med ham. Spise, sove, elske, lese, arbeide. Mer er det ikke. Og allikevel er det nok"

Utover sommaren må ho lyge for både mor si og Johannes. Som bakteppe blir tilhøva på landet i eit DDR som er i oppløysing skildra på ein fascinerande måte. Daniela Krien (f. 1975) har vakse opp i Sachsen i DDR-tida, og skildringa av leveforholda på landet er nær og sterkt sanseleg prega. Eg har lese eit lite utdrag på tysk, og så vidt eg kan bedømme har Johann Grip gjort ein god jobb som omsettar. Språket er bilderikt og presist, intenst er eit ord som fell meg inn. Litt mindre tysk "Gründlichkeit" hadde kunna redusere talet på personar, men Krien har skrive ein god debutroman.

krien.jpg