walgermo.jpg
søster.jpg

Om syskenkjærleik , død og sorgarbeid på nettet. Forteljarstemma i denne vesle, alvorsprega ungdomsromanen er 16 år gamle Eli Anne. Søstera Amalie har døydd for nokre månader sidan, det er haust og Eli Anne held på å bryte saman av sorg. Ho bestemmer seg for at ho kvar dag skal skrive noko lite til den døde på Facebook-sida hennar. Ho stenger sida slik at det ho skriv ikkje kan lesast/kommenterast av andre. Første breve t eller innlegget, den 5. oktober, startar slik: «Kjære søster. I dag ville du fylt 15 år. Pappa seier at vi skal komme gjennom dette. At livet framleis er verdt å leve.» Siste brevet, 24. desember, sluttar slik: «Heretter kjem eg til gravsteinen din om eg treng å snakke med deg. Kan du love meg å lyse mot meg med gullskrift?«

I løpet av dei nær på tre månadane, har ho «snakka» med / til Amalie om alt det ho følte ho ikkje hadde fått fortalt før søstera døydde. Det handlar mykje om syskenkjærleik, men også sjalusi — dei var glade i den same guten. Eli Anne synst ho har mykje å be Amalie tilgje, og forfattaren teiknar vakre, truverdige portrett av båe to.

Dei er jenter i tenåra, og forfattaren greier med enkle grep å få dei til å hange psykologisk i hop. Det er godt gjort. Iblant balanserer Walgermo på grensa til det sentimentale, men han bikkar etter mi meining ikkje over.

Når dei tømer romet til den døde, når dei gjev bort kleda hennar - det er mange vonde stunder familien skal gjennom. For Eli Anne er kanskje det aller verste når ho set ein tallerken for mykje på middagsbordet.

Båe søstrene var musikarar; Eli Anne klassisk pianist, Amalie digga Patti Smith og hadde starta band. Det musikalske står sentralt i romanen, men å gjere nærare greie for korleis, ville røpe ting eg vil overlate til lesarane.

walgermo.jpg

Språkleg er Walgermo som i tidlegare bøker svært stødig, spesielt vil eg trekke fram at han har ei eiga evne til å seie mykje med få, velvalde ord. Boka er på ca. 90 sider, mange av dei halve eller mindre. Kanskje ville å måle med litt breiare penn ha gjort boka endå betre? Eg trur det, men sikker er eg ikkje.