Politimannen Mikael Wulf er tilsett ved kriminalvakta i Oslo . Han er ein av fleire som rykker ut når politiet får melding om grov valdskriminalitet i hovudstaden.Oppdraget som trillar i gang plottet i denne krimromanen er eit overdosedødsfall på Oslo S. Det viser seg at det kan vere tale om ei regelrett avretting. Den døde har budd saman med fosterson til Mikael. Han heiter William, og er også rusavhengig. Dessutan har han blitt sporlaust borte.

Motoren i handlinga er 200 gram rein heroin som også er borte, og som sjølvsagt mange er ute etter. Mikael er redd for at William er direkte innblanda, og i stor fare. Han prøver difor på eiga hand å trenge inn i det tunge rusmiljøet rundt Oslo S. Det blir ein dramatisk leiteaksjon, blant anna i katakombane under Sentralbanestasjonen.

Etter å ha lese 70 sider var eg litt skeptisk , spenningsnivået var labert og den episke framdrifta heller ikkje mykje å rope hurra for. Men resten av dei vel 300 sidene retta opp mykje av dette inntrykket.

Vi kjem meir og meir under huda på politimannen og mennesket Mikael Wulf. Utan å gå i detaljar, det er ikkje berre William i familien som har snubla litt gjennom livet, og det følgjer politimannen døgnet rundt.

Forfattaren har greidd å skape ein psykologisk skikkeleg samansett, og dermed interessant personlegdom. Dessutan stig spenningsnivået etter kvart kraftig, forfattaren greier å trekke lesaren med på ein forrykande odyssé både over og under gateplan i Oslo sentrum.

Til tider går forfattaren etter min smak kanskje litt i lengste laget når det gjeld grove, for ikkje å seie groteske detaljar, men nokon versting er han ikkje i denne boka.

Språket flyt lett , og det høyrer også med å streke under at Husby Sæther må vere lommekjend i Oslo. Forfattaren har ein bachelorgrad i kriminologi, og har fullført Politihøgskolen, i tillegg til at han har jobba som politimann.

Judaskysset verkar på meg grundig og gjennomarbeidd. Litt innstramming i første delen hadde gjort godt.