Jørgen, hovudpersonen til Morten Abrahamsen, er 30 år, jobbar i kulturredaksjonen i ei tabloidavis og har ein slags telefonsommarkjærast. Det er sommar, sol og eigentleg tid for late dagar, men Jørgen jagar på agurknytt, tvilsame kulturkjendisar — og prøver å finne meining i tilværet. Broren, Henning, lever for og av snøbrett, noko forfattaren prøver å utnytte. Når han, saman med ein kamerat, tar nokre dagar på hytta til foreldra nede på Sørlandet, dumpar han opp i ei helikopterulykke - med lykkeleg utgang. Med andre ord, det blir ikkje skikkeleg ferie då heller. Elles handlar det, som i debutromanen Ute, svært mykje om fyll og fest og dop av alle slag, med påfølgjande bakrus dagen etter.Eg synst debutromanen Ute var svak, og Fri er heller ikkje mykje å skrive heim om. Alt i alt er likevel andre romanen til Abrahamsen betre enn den første. Det er meir framdrift i handlinga, og midt oppe i all drikkinga og festinga, er det også plass til ein slags bodskap om framandgjeringa som pregar, mange, ikkje minst unge, i storbyen. Forfattaren set dette på spissen - nesten overtydeleg - når han let Jørgen ha telefonsex med kjærasten, sjølv om dei treffest nesten dagleg - utan å ha - det må vel vere lov å seie, normal sex.Som i debutboka er språket oppfinnsamt, tett og kjapt. Dei 140 sidene er brukbar underhaldning eit par timar, men god litteratur? Nei.Bjarne TveitenBOKForfattar: Morten Abrahamsen:Tittel: FRIRomanForlag: Tiden