Besta Astrid Aslaksen og bestefar Oddvar Aslaksen var snare til å sende ein gratulasjon til Oslo. og hos dei tikka meldingane inn jamleg. Foto: Håkon Homme, Åmliavisa
Ordførar Reidar Saga, og besteforeldra til Jonas, Oddvar og Astrid Aslaksen med sigerskaka. Foto: Håkon Homme, Åmliavisa

ÅMLI: — Heiltærleg, dette hadde eg aldri trudd! seier ”besta” Astrid Aslaksen med eit stortog varmt smil til Åmliavisa.

Det ernoko så uvanleg som ein spelemannspristildeling med lokalt tilsnitt iskogsbygda Åmli med 1800 innbyggarar. Ein stadig stigande Alaskafeber harbreidda seg i takt til utviklinga til den unge artisten frå bygda. Nofølgjer hundre par auge spent med på storskjermen i Åmlihallen, der lokaleinitiativtakarar har skipa til fest.

Stillasenker seg og vert nærast febril når superstjerna Marit Larsenintroduserar kandidatane til årets nykommar i Musikk-Noreg – kan hende dengjevaste prisen. Og så står jubelen i taket: Det vart verkeleg heimesiger!Og midt imylderet av glade sambygdingar sit Astrid og Oddvar Aslaksen og kan knapt trudet dei opplever. Dei er besteforeldra til den nytende stjerna, og er meir vanemed at han kjem slentrande inn døra og spør om det vert kompe til middag.

— Egtenkte: Nei dette går ikkje. Alle desse stjernene, og så skulle Jonas fåprisen? Men så ble det han likevel – og da er han vel ei stjerne han óg, då!seier ”besta” Astrid rørt.

Ho kansjå på skjermen at sonesonen var skikkeleg rørt, han óg.

Hellerikkje bestefar Oddvar kan heilt tru på sine eigne øyrer.— Egtrudde kan hende han hadde ein sjans på tekstforfattarprisen, for han skrivveldig godt. Men at han skulle få denne -!

Då vardet og mest uverkeleg å sjå at han sonesonen kunne ta med seg 250.000 kroner,som følgde denne prisen, ned frå scena.

— Eg hargitt nok gitt han nokre økonomiråd, røpar, ”besta”.

Åmli-ordførarReidar Saga er ein av dei som smilar breitt. — Dettehar Åmli verkeleg fortent, erklærar han i ein improvisert tale forsambygdingane, og minnar om all den negative pressemerksemda som vart bygda tildel for eitt år sidan.

— No stårdet ein på scenen og er ein fantastisk ambassadør for bygda. Gratulerer,bestemor og bestefar, og Gratulerer Åmli!