Lucy, 30, har mist kjærasten Blake for eit par år sidan, forholdet til faren er dårleg og ho bur i eit lite krypinn der lyspæra på badet ikkje har fungert på lang tid. I bustadblokka er det ikkje lov å halde husdyr, men ho har ein katt kalla Mr. Pan. At ho lyg om katten, seier ho ikkje har noko dyr, er ein bagatell. Ho lyg om nesten alt anna også, både privat og på jobben.

Lucy held på å misse taket på livet. Men så blir ho ein dag beden om å møte Livet. Det viser seg å vere ein litt småsjuskete mann i ein dress utgått på dato. Han har bestemt seg for å få tilværet hennar tilbake på skinner. Det meste av cirka 380 sider handlar om korleis Livet greier / ikkje greier det.

Irske Cecelia Ahern (32) debuterte i 2004 med suksessen "PS: Jeg elsker deg!" Seinare har ho vore produktiv, med både romanar og noveller. "En avtale med livet" er lettbeint underhaldning, litt sjarmerande også. Som eit slags teppe over det heile ligg det "magiske" møtet mellom eg-personen og Livet. Humørfylte dialogar, ofte med ein ironisk snert, er plusstrekk.

Men, det skurrar på fleire måtar. Personskildringane synst eg er svake, sjølv Lucy kjem vi ikkje under huda på. "Småskravlete" er eit uttrykk som fell meg inn. Ahern er utdanna journalist og orda flyt lett. For lett? I alle fall ville ei innstramming — etter mi meining - gjort godt.