ROMAN

Forfatter: Borge Skråmestø

Forlag: Oktober

Medan førsteboka fekk meg til å le hjarteleg, blir det berre smil av nummer to.

Debutboka til Børge Skråmestå, «Tårer i champagnen» (2008), blei stort sett vel motteken, også av kritikarane. Då eg fekk andreboka, «Familiejuvelene», til omtale, lånte eg førsteboka – som eg ikkje hadde lese. Det var det med den vanskelege andreboka. For medan debuten var ei sprudlande, ganske original og hylande satirisk skildring av eit homomiljø i Oslo, er oppfølgjaren langt på veg ein bleik kopi av originalen. Persongalleriet er stort sett det same, men denne gongen plasserer han Morten, kjærasten Sven, Jean og Gunnar osv. på den franske Rivieraen. Morten reiser som kjendisjournalist for ekstremtabloiden «Dagsposten», der kultursidene kan konkurrere med «Se og hør» – minst. Han skal intervjue George Clooney som er i Cannes i samband med ei nyinnspeling av Hitschcock-klassikaren «Tyv fanger tyv». Sentralt står dessutan ei samling juvelar som skal ha tilhøyrt Grace Kelly, men eg synst forfattaren rotar denne tråden skikkeleg til utetter i boka. Lange Champagnefrukostar og fokusering på kropp, klede, kremar og kjendisars ve og vel er ekstrem, i det heile nektar ikkje forfattaren seg mykje når det gjeld å fokusere på slikt som homokulturen blir bunden opp til. Men – medan førsteboka fekk meg til å le hjarteleg, blir det berre smil av nummer to. Med andre ord, boka er verken dårleg eller god. Sidan storparten av handlinga skjer med Middelhavet – kvifor ikkje kalla boka ein middelhavsfarar?