BOK

Kom fram, fyrste

Forfattar: Edvard Hoem

Roman

Forlag: Oktober

Imponerande, litterært handverk om den siste norske, katolske erkebiskopen.

10 år gamal kjem Olav Engelbrekstsson, ætta frå norsk knapeadel, til Trondheim i 1490. Både han sjølv og mor hans er overtydde om at han har eit spesielt religiøst kall. Han må ta eit slags farvel med familien, han er gudevigd til store oppgåver for både den katolske trua og for Noreg. Han studerer i Rostock, kjem med tida både til Köln, Barcelona og Roma, og møter historiske personar som Olaus Magnus og pave Clemens den 7. Han les boka Utopia av Thomas Moore. Ho gjer eit enormt inntrykk på han. Etter mykje om og men hamnar Olav Engelbrektsson i Trondheim, blir erkebiskop og leiar for det norske riksrådet.

I Tyskland har Martin Luther gjennomført sin protestantiske revolusjon, og det er erkebiskop Olav Engelbrektssons vonlause kamp for den katolske kyrkja si framtid i Noreg, som er den eine grunnpilaren i boka til Hoem. Den andre er Olavs håplause kamp for eit norsk kongerike, uavhengig av både Sverige og Danmark. Den tredje — og ikkje fullt så synlege grunnmuren i romanen til Hoem - er gjennombrotet for humanismen, både i Europa og i Noreg.

Kom fram, fyrste er imponerande, litterært handverk. Forfattaren sjølv er svært tydeleg til stades frå første linje: «Lenge hadde eg tenkt at eg skulle skrive om eit liv som var fåfengt, men like fullt eineståande og sant.» Dette er første setninga i Hoems saga om Olav Engelbrektsson. Som forfattar og skrivar tar han stadig ordet gjennom dei vel 360 sidene.

Fru Inger til Austråt, Christian den II, Blodbadet i Stockholm, Fredrik I, Christian III, Vincents Lunge, Keisar Karl den V, Nils Lykke - det vrimlar av historiske personar i romanen. Forfattaren Hoem let den unge Olav bli far til eit par barn, eitt av dei med Fru Inger til Austråt.

Med eit skarve historisk grunnfag skal eg sjølvsagt vere varsam med å felle ein historisk dom over romanen til Edvard Hoem, men eg kan ikkje - slik utan vidare - gripe han i anna enn ortografiske feil, og dei skuldast vel mest språkvaskarane til forlaget. Eg synest alt i alt at skildringa av erkebiskop Olav Engelbrektsson, den siste som trassig, men vonlaust, stod opp og freista verje nasjonalstaten Noreg på første delen av 1500-talet, har blitt truverdig.

Men - det er noko med forfattarstemma.

Det skurrar der, av og til. Hoem blir - iblant - nesten blærete når han til dømes skriv: «Eg ser han for meg, da, den høgreiste erkebiskopen, med flagrande, grånande hår{hellip}»

Bjarne Tveiten