BOKForfattar: Karin Fossum:Tittel: NATT TIL FJERDE NOVEMBERRoman Forlag: CappelenFjerde november forsvinn 17 år gamle Jonna sporlaust, og blir borte eit år. Foreldra, Magnhild og Jon, fortvilar. Inga forklåring finst, forsvinninga kjem som lyn frå klår himmel. Ho fører, mellom anna, til ei krise i ekteskapet til Magnhild og Jon. Magnhild, som har vore den som har halde familien saman, særleg på det praktiske planet, strikkar ein genser til Jonna. Jon går til psykolog og et sovepillar for å få sove. Namnet Magnhild betyr tilnærma den sterke i striden, og det er ho. Jon tyder — tilnærma - «gud har vore / er nådig», og han er nok den av ektefellene som forfattaren har mest sympati for. Idet dei har bestemt seg for å gå frå kvarandre, nøyaktig eit år etter forsvinninga, dukkar Jonna opp - på nytt som lyn frå klår himmel. Vinflaska dei har opna, kjem også Jonna til gode. Skildringa av møtet mellom Jonna, Magnhild og Jon etter forsvinninga, er til å begynne med, tilforlateleg, men så skjer det seg.Som kriminalforfattar har eg opplevd Karin Fossum som svært dyktig. I Natt til fjerde november, som nok primært er tenkt som ein roman om familiemenneske som stangar hovudet i veggen når røyndomen vert for vanskeleg, blir resultatet berre sentimentalt. Det toppar seg i den siste setninga i romanen: «Det står at denne historien ender godt». Den slags kler ikkje Karin Fossum. Ho kan mykje betre.Bjarne Tveiten