BOK

Forfattar: Ole Asbjørn Ness:

Tittel: DET ER NATT

Roman

Forlag: Gyldendal

Bokas tittel er god. Men meir godt er det ikkje.

Skildringane av desse ugjerningane er nitide. I mellomtida har vi fått vite at Mikkel, saman med eit par andre, har tent grassat på spekulasjon i krafthandel — med hjelp av ein utru tenar i Statoil. Den siste månaden har selskapet der Mikkel jobbar, tent vel ti millionar, og rundt ein av dei er Mikkels. Pluss diverse - for den utru tenaren har fått kalde føter og vil ikkje vere med lenger. Dermed har ikkje sjefen i firmaet, Endre, lenger bruk for Mikkel, så han får fyken. Rett nok med ei svært romsleg sluttpakke.

Meir skal eg ikkje seie om innhaldet i denne forunderlege - og forferdelege - romanen. Det er natt er ein god tittel, men stort meir godt har eg ikkje å seie om boka. Det er muleg at forfattaren har meint å fortelje oss lesarar at vår tids rå kapitalisme, vår tids endelause kynisme i moralske spørsmål, fører til avstumping av menneskelege kjensler. Det er muleg at forfattaren har ein bodskap, og at det er meg det er noko i vegen med. Det er til og med muleg at eg er prippen.

Men - eg trur ikkje det. Dette er ei bok som, etter mi meining, ikkje burde ha kome lenger enn til konsulentapparatet i Gyldendal. Forresten - helst ikkje dit heller.

Bjarne Tveiten