I byen Ogro bur hovudpersonen og forteljaren Ammer. Han er menneske, og bur saman med Vala, som er olin. Olin meiner dei stammar frå pardane — store, blåstripete kattedyr som lever oppe i fjella. Olin har pels over heile kroppen, og hale. Ammer arbeider litt som lærar, men først og fremst er han "søppelmann", det vil seie, ein av tre profesjonelle leigemordar for styresmaktene i byen.

Utvinning av salt frå sjøen er viktigaste inntektskjelda for Ogro. Ammer er overtydd om at han gjer ein god og naudsynt jobb, og han er like sikker på at grannebyen, Salibar, er ein farleg fiende.

Sjølv om det er gnissingar mellom olin og menneske ? med menneska som den sterkaste parten - lever dei to gruppene tilsynelatande nokolunde greitt saman. Nylaga namn på til dømes stader, personar og ting, kan verke litt forvirrande, men du blir raskt van med at Ammer patruljerer gattene, og ikkje gatene - for å ta eit døme. Men så skjer noko - kva skal vere usagt, men det har mellom anna med religion å gjere - og konfliktnivået i Ogro stig kraftig.

Forlaget har ikkje sjangerbestemt boka, eg kallar ho fantasy. Eg kunne valt fabelprosa, myte, legende, eventyr - og vore på trygg grunn. Bringsværd har aldri lagt skjul på at han er svært fascinert av religiøse myter, spesielt skapingsmyter. Det kjem tydeleg fram også i denne boka.

Sjølv om handlinga er lagt til ei tid der "ildrør", les skytevåpen, er i ferd med å sjå gjennom og erstatte spyd, er det vår tid han skriv om. Om kjærleik, den store forblindande kjærleiken. Om hat, misunning, om politisk makt ? og avmakt, om svik, om menneskeverd, grunnleggande respekt for livet. Dessutan drøftar forfattaren årsakene til rasisme, fordommar og flokkmentalitet. Eg kunne godt ha halde fram, men eg stoppar der - når det gjeld kva boka handlar om.

"Things are not untrue just because they never happened", eit sitat av Dennis Hamley (er ikkje han amerikansk forfattar?) er første setninga i første del av denne boka. Det er eit treffande sitat, både når det gjeld innhaldet i denne boka - og det meste av den kolossale bokproduksjonen til Tor Åge Bringsværd. Eg har lese mange av bøkene til Bringsværd, men ikkje alle. Av dei eg har lese, skil denne seg ut som ei av dei beste. Språket flyt fritt og ledig. Det passar den avdempa roen, det stillferdige og ettertenksame som er det overordna inntrykket både handlinga og refleksjonane til personane gjer.

Til slutt, då eg hadde lese 80 - 90 sider var eg litt forvirra. Personnamn eg hadde lagra i hjernen - ikkje så få - dukka ikkje opp att. Eg starta på nytt, men først då eg hadde lese heile boka, hadde alle desse personane funne sin rette - og ofte viktige plass. Det vitnar om ein forfattar som har styring på kvart ord han skriv.

Bringsvaerd_IkkeFordiDenHarEtSvar.jpg