Forfatter: Jon Fosse

Sjanger: Forteljing

Forlag: Samlaget

Jon Fosse (f. 1959) debuterte med romanen "Raudt. Svart." i 1983, og har sidan etablert seg som ein produktiv og særmerkt forfattar i mange sjangrar: romanar, noveller, dikt, essay, drama og barnebøker. Med hovudfag i allmenn litteraturvitskap er han ein høgt skolert forfattar.

I 2007 kom "Andvake" , soga om spelemannen Asle, som drep to menneske for at han, kjærasten Alida og barnet som er på veg, skal kunne få ei framtid saman. I "Olavs draumar" heiter Asle Olav, og Alida Åsta, men drapa kan ikkje namneendringa gjere noko med. Boka sluttar med at Asle møter bøddelen.

I "Kveldsvævd" er det dotter til Alida med Åsleik, Ales, som fører oss inn i det som skjedde etter drapa. Gjennom Ales blir vi med Alida til Bergen for å finne Asle. Ho har den vesle sonen sin, Sigvald, med. Heimlaus og utsvelt blir ho plukka opp av Åsleik. Ho får mat og husly – og blir kjend med lagnaden til Ales. Ho er åleine, og kan ikkje anna enn ta mot tilbodet Åsleik kjem med; bli med i båten heim til han og bli taus i huset hans. Utan at det blir sagt direkte, tilbodet betyr nok også at Alida skal dele seng med han.

"Kveldsvævd" fyller berre vel 50 sider, forlaget kallar teksten ei forteljing, men på mange måtar er det snarare tale om ei novelle.Rammeforteljinga – Alidas møte med Åsleik og turen heim til Dylgja frå Bergen – tar eit lite døgn. Samlaget skriv at forteljinga er eit frittståande framhald av dei to første bokene, og formelt er det rett. Men utan å ha lese "Andvake" og "Olavs draumar" blir "Kveldsvævd" for meg hangande i lause lufta.

Trilogien er, for meg, først og fremst ei intens kjærleikshistorie. Det er også ei forteljing som trekker trådar frå "før-moderne-" eller kanskje "seinmellomaldertid", til nesten moderne tid. Bergen heiter i boka Bjørgvin, og fiskebåten som fører Alida og Åsleik heim til Dylgja er ein seglbåt. Personane kommuniserer sjølv etter at ein av dei er død, ja av og til er kommunikasjonen då betre enn når båe var i live. Titlane er det verdt å merke seg; andvaken betyr svevnlaus, i andre boka (Olavs) draumar – og så kveldsvævd som, mellom anna, kan tyde å vere trøytt om kvelden, eller rett fram trøytt av livet.

Jon Fosse 0302.jpg Foto: Holm, Morten

Språkleg er Jon Fosse seg sjølv lik, med dei stadige oppattakingane og dei korte dialogane. Dessutan, i botnen for setningane, anten dei er stutte eller nesten uendeleg lange, ligg det ei slags musikalsk rytmekjensle. Smussomslaget har eit enkelt bilde av ei hardingfele på framsida. Hardingfeleslåttane, med alle sine krullar og triller, der understrengene legg ein del ekstra til lydbildet – det blir for meg ein parallell til språket som Fosse har utvikla til det fullkomne. Med "Kveldsvævd" har Jon Fosse avslutta ein trilogi som vil få ein sentral plass i litteraturhistoria – og ikkje berre i Noreg. Er det på tide at "De aderton" ser nærare på vestlendingen som no har adresse Grotten?