Forfatter: Agnes Ravatn

Sjanger: Artiklar

Forlag: Samlaget

«Dette er sjølvhjelpsboka for deg som ikkje kan fordra sjølvhjelpsbøker, men som likevel innser at du treng hjelp» står det å lese på vaskesetelen til denne boka som på vel 100 sider presenterer 12 populærvitskaplege artiklar om kunsten å kome til sjølvdefinerte mål som til dømes ukontrollert internett— og nettbrettbruk, mislykka slankekurar og så vidare.

Forfattaren viser til ei rekke forskarar, og orienterer oss om, på ein grei måte, resultat dei har kome til innan emne som sjølvkontroll, prokrastinering (det å kronisk utsette noe man har planlagt å gjøre), sjølvdisiplin og viljestyrke. Ravatn bruker eigne erfaringar gjennom mykje av boka, noko eg synst er eit pluss. Når det ho fortel at har fungert for henne, er det lettare for oss å tru at verkeleg nyttar å følgje dei konkrete råda ho anbefaler; til dømes det ho kallar «timinuttsregelen», som betyr at kvar gong ei freisting dukkar opp - sjokoladehunger, bruke nettbrettet osv. - utset vi «fallet» minst ti minutt. Ei lang rekke slike råd finst i boka.

Men det er eitt perspektiv eg likevel saknar. La meg seie det slik: er det å bli eit perfekt menneske som alltid har styring det einaste målet i livet, og det einaste som kan gje lykke? Eg er ikkje så sikker på det, og synst det er rart at ikkje forfattaren stiller også dette spørsmålet.

operasjon sølvdisiplin.jpg