Hovudpersonen Miriam, 16 år gamal, er bunden til rullestolen etter at faren køyrde utfor med henne då ho var 11. Ho er inneslutta, orkar ikkje gå på skule, og delar tida mellom å surfe på internett og følgje intenst med i det som skjer i det vesle bygdebysamfunnet. Det gjer ho med ein avansert kikkert og eit digitalt kamera. Ein torsdagskveld i september dukkar det opp ein gut med svart hår og svarte klede. Han oppfører seg rart. Miriam ser han gripe inn og stoppe ein gutegjeng på kyrkjegarden, men det er også andre mystiske sider ved den svarkledde.Litt etter litt får vi vite kven den svartkledde er, og kvifor han dukkar opp i bygda. Tor Edvin Dahl har spikra i hop ei ganske så mystisk og spennande historie. Eg skal vare meg for å øydeleggje spenninga, men såpass skal seiast: Handlinga er lagt til våre dagar, frå og med torsdag kveld, til og med måndag morgon, men trådar går både tilbake til 1970-talet og — ikkje minst - til 2. verdskrigen. Det er rett og slett tale om ein skatt, ein verdifull skatt.Den fremmede er godt litterært handverk, og på klassisk vis legg forfattaren brikkene på plass etter kvart. Spenningsnivået er høgt frå første stund, og det hender noko heile tida. Eg trur dette er ein slik ungdomsroman som vil gå heim, også hos gutar. Slike bøker trengst!BOKForfattar: Tor Edvin DahlTittel: DEN FREMMEDEUngdomsromanForlag: CappelenBjarne Tveiten