Med bind fire er Edvard Hoem i hamn med verket om Bjørnson etter åtte års arbeid, vel i hamn, må seiast. Av eit overveldande kjeldemateriale, Bjørnsons produksjon var utruleg, har Hoem skrive fram både diktaren, samfunnsdebattanten og familiemannen Bjørnson så han og hans tid kjem oss nær. Hoem har langt på veg lukkast med sitt prosjekt, å skrive Bjørnson ned frå sokkelen, der tidlegare Bjørnson-forskarar, ikkje minst Francis Bull, hadde plassert han.

I 1899 var Bjørnson i slutten av 60-åra (født 1832). Han hadde ei stort namn i heile Europa. Artiklane hans blei tekne inn i leiande aviser og tidsskrift, skodespela oppførte på dei fremste scenene. Særleg i Tyskland fekk han gjennomslag i denne perioden. Diktaren blei "krona" med Nobelprisen i litteratur i 2003. Han budde mykje av tida ute, Tyskland, Sveits, Italia.

Det er på mange måtar lenge sidan 1910, og ein må nok til dagens popstjerner om ein skal samanlikna den voldsomme interessa det var for Bjørnson desse åra. Folk stimla saman utanfor hotel der han budde, på jernbanestasjonar der han passerte, song "Ja, vi elsker" og andre av songane hans, møtte fram i tusentals for å høyre han tale med si rungande røyst. Då båra blei frakta heim frå Paris, der han døydde etter eit langt sjukeleie den 26. april 1910, gripande skildra av Hoem, var det seremoniar undervegs med mykje folk og dei fremste notabilitetane til stades. Gravferda i Oslo blei fulgt av femti tusen menneske, er det rekna ut.

Her heime var unionsoppløysinga den store saka, der han rett nok ikkje kom heilt godt ut, han kjempa for minoritetar i Europa, for fredssaka, og ikkje minst, med all si kraft mot landsmålet, ofte ufint. Han skreiv i lokalavisene om storleiken på pukksteinen på bygdevegen, om gardsstell og andre "nære" saker. Det var Bjørnson i nøtteskal, "ein verdensforbetrar, i smått som i stort", skriv Hoem.

Hoem får godt fram det store motsetnadene i mannen. Han var sine venners venn og støtta dei økonomisk og på andre måter, som Alexander Kielland, men mot fiendane var han nådelaus og snudde sjeldan. Det store brevmaterialet til og frå borna gjev innsikt i eit familieliv som kunne vere opprivande og turbulent, med utruskap, skilsmål og økonomisk dugløyse. Sonen Einar tapte to tredelar av nobelprispengane, tilsvarande seks millionar i dag, på eit shippingeventyr, sonen Erling overtok Aulestad, men Bjørnson tok garden attende. Samstundes var familielivet prega av mykje varme. Diktaren på Aulestad følgde borna tett, held bjørnelabben over dei.

Edvard Hoems framstilling gjer det lett å følgje Bjørnson på den utrulege livsferda hans og får godt fram den enorme krafta han representerte og den posisjon han hadde i samtida, utan at Hoem blir nasegrus beundrar. Innvendinga er at Hoem kan bli noko detaljert, med oppramsing av gjestar Aulestad, hotell han budde på og kven han møtte på dei mange reisene. Alt er ikkje like relevant for framstillinga, ein biografi er ikkje ein krønike, men det kan ikkje vesentleg svekke inntrykket av at prosjektet gjer Bjørnson nær for vår tid. Bjørnson er eit vagt namn for mange, men Hoem syner oss at mange drag av det som kjenneteiknar samfunnet vårt, som likestilling og sekularisering, har Bjørnson vore med å kjempe fram.