Ellen Mari Thelle debuterte med ein kritikarrost murstein, romanen "En del av historien", i 2009. Etter fire år kjem ein ny roman om Elise Falck. Romanen begynner med skildringa av ein hyggeleg draum Elise har, nesten kvar natt, der ho opplever at ho ikkje greier å redde Helle frå å drukne, og endar med ei mellom 14 og 15 sider lang skildring av fødselen til eldstejenta.

I "Det bestandige" er ho, saman med ektemann Hans og døtrene Helle og Guro — den første fire år, den andre to - på ferie i Japan. Mormor er ikkje med på ferieturen til Japan, men ho er ganske sentral i dei retrospektive delane som utgjer store delar av denne fascinerande romanen om å makte morsrollen i ein hektisk kvardag der både mor og far jobbar heiltid.

"Det bestandige" er ein svært råkande tittel. Det er nettopp om det bestandige, det som stadig skjer - om att og om att - denne velskrivne romanen handlar om. Ordet bestandig har dessutan tydinga haldbar, motstandsdyktig Noko nærare forklåring på kvifor denne tydinga også passar som hand i hanske, skal eg ikkje gje her. Men, mat skal kjøpast og lagast, jentene skal i barnehagen, dei skal kleast på og av osv. i det uendelege. Dessutan, barn blir sjuke, har feber, øydelegg nattesvevnen for mor og far. Tidsklemma er vel det moderne ordet? Mamma Elise gjer så godt ho kan, dessutan har ho ein mann som er flink med jentene. Likevel - ofte føler ho at ho ikkje strekker til, og iblant blir ho sinna. Spesielt Guro er inne i det som gjerne blir kalla "den første trassalderen", og det skaper sjølvsagt masse kontroversar. Etterpå slit ho med skuldkjensle.

Vi som har vore, eller er, småbarnsforeldre, vi kjenner oss så godt att i Hans og Elise! For å seie det slik, det er mange gode augneblinkar i boka, med smil, latter og kos, men også masse skrik, gråt og fortviling. Når så jentene, av og til vel å ty til mormor, som bur i andre etasje i same huset som tobarnsfamilien, då blir det vanskeleg for småbarnsmora, svært vanskeleg.

Eg minnest noko av det som imponerte då eg i 2009 omtala debutboka til Ellen Mari Thelle, det var språket. Det same gjeld for denne romanen. Det er noko nesten suggererande over det, setningane grip fatt i deg, driv deg som lesar gjennom side etter side sjølv om innhaldet på mange måtar ikkje er så spennande. Forfattaren greier, gjennom språket, å "dra" deg som lesar inn i dei tallause situasjonane, og slepper deg ikkje før du har lese ferdig. Det er dessutan mange korte og lengre forteljingar i den nær 300 sider lange romanen. Fleire av dei kan lesast som frittståande noveller. Det høyrer også med at debutboka, etter mi meining, hadde hatt godt av ei monaleg innstramming. Det er ikkje på same måten tilfellet med "Det bestandige". Ei bok for alle, men kanskje mest for unge foreldre med barn i "trassalderen".