annebelle.JPG
annabelle003.jpg Foto: Kjartan Bjelland

Kryptisk? Kanskje det, i alle fall i første omgang, men sett inn i samanhengen synst eg dei tre verselinjene opnar seg.Boka er dedisert til Arne Borgen, ektemaken som døydde i 2013. Siste delen av samlinga er ei rekke sørgedikt til Borgen. Sårt og sterkt, men vart og ømt heiter det nesten sist i boka: Jeg våkner med høyre armen ut / som om jeg ennå holder spebarn eller mann / Jeg vekkes av lyset. Hvert år skjer det / Den første snøen kommer uventet. Men samlinga startar md korte dikt som kan lesast som ein kortversjon av evolusjonsteorien. Elegant, gjennomtenkt. Her er ein liten, talande smakebit: Liv kom fra vannet / Den første satte fot / eller var det en luffe / som veltet oss opp?

Noko som prega r denne femte diktsamlinga, er sterke, litterære bilde: Den som sier han husker sin fødsel / lyver. Moren husker, men tier / Alt var enkelt, en ny verden / en sammenkrøllet bregne / myk som en møll i magen.

Dyre— og naturskildringa r er det også mange av. Etter å ha skrive nokre skildrande linjer om kyrne, som ho påstår har nok med kroppen, kjem konklusjonen med eit lite smil: De store øynene speiler gresset / De lever i ammetåke.

Forfattaren er fødd i England i 1943, og er altså ei godt vaksen dame. Dikta er prega av at det er eit oppegåande menneske med eit langt, levd liv bak seg. Først fortel ho stutt om ei kvinne (ho sjølv?) som har menstruert i førti år før ho set fyr på huset. Litt etter kjem det, og her viser forfattaren at humor og geip kan gå hand i hand: Men hvis mine tidligere elskere / skulle dukke opp som et frivillig brannkorps / ville det bli snakk.

Nyskapande , grensesprengande; nei det er ikkje desse dikta, men for ein som er på lag like gamal som forfattaren, er dei vakre. Ja, orda er vakre, strofene søkk inn, får meg til å smile, til å minnast, til å ta inn over meg det vesle stenket av vemod som ligg og vaker i bakgrunnen gjennom boka. Det kan vere svært jordnært, som når ho saknar mannen sin: Ditt fravær merkes, et belegg på tingene / Vannkokeren har endret karakter / kranen drypper og støvsugeren ga seg med et sukk.