SPIONGUTTEN BILDE.jpg

Fjorten å r gamle Espen, som bur i Lillevik, blir i løpet av sommaren 1940 med i den motstandsrørsla som er i ferd med å bli organisert etter at tyske styrkar okkuperte Noreg. Til å begynne med går han med illegale aviser, men snart blir han kurér og fraktar t.d. forsyningar og koda meldingar. Litt etter litt blir den unge guten spion, og han opplever stadig situasjonar der Gestapo og norske nazistar nesten avslører han. Den beste kameraten hans endar opp som nazist. Dessutan blir han forelska, det høyrer med i ein roman om og for ungdom. Så gjer han ein liten feil, og må flykte til Sverige. Det blir dramatisk, med Gestapo i hælane. Forfattaren har norske aner, og historia om Espen er langt på veg den same som forretnings— og reiselivsmannen Erling Storrusten opplevde under krigen. Forfattaren har sett seg grundig inn i forholda folk levde i under krigen, og formidlar masse konkret kunnskap om korleis det var å vere tenåring frå 1940 til 1945. Plottet er ikkje spesielt oppfinnsamt, men Preus skaper heile vegen nok spenning til at eg trur ungdom vil like boka. Espen kjem vi tett innpå, og med enkle, litterære grep følgjer vi han frå 14-åring til 19-åring. Elegant gjort. Det same kan seiast om skildringa av korleis gode vener endar på feil side, og korleis han finn nye.

Samhaldet i familien, der alle på ulike vis tek del i kampen mot nazistane, gjer sterkt inntrykk. Sjølv som 14-åring fortel han ingen i familien om kva han held på med. Alle veit at dei kan bli tekne av Gestapo og torturert. Di mindre dei veit om kva andre i familien gjer, di betre.

Solveig, som han forelskar seg i, blir ein nokså perifer person. Sjølv om Espen og innsatsen hans i motstandsrørsla er det sentrale, kunne gjerne forfattaren ha funne plass til å teikne jenta med breiare penn. Det vesle som finst er vart og fint. Som pensjonert ungdomsskulelærar i norsk og historie konstaterer eg at dette er ei bok eg på det sterkaste vil anbefale til bruk på ungdomssteget. Nina Aspen har gjeve boka ei grei, enkel språkdrakt, og med å bruke nokre norsk- og historietimar på ho, vil elevane få med seg mykje, verdfull kunnskap om 2. verdskrigen i Noreg.