Konkret er Banjoland fem noveller på til saman snautt 140 sider. Tittelnovella handlar om ein far som passar den vesle dottera si. Ho har namnet Krekar, noko som ikkje er tilfeldig. Utan å gå i detaljar, det endar så grotesk at det går kaldt nedetter ryggen. «Monty Pyton» er reine kosekroken i samanlikning. «Helt alminnelige nordmenn» skildrar ei gruppe unge menneske som bur i kollektiv. Ein av figurane flyt greitt gjennom universitetsstudiet, sjølv om han i røynda knapt har vore i nærleiken av ei pensumbok. «Nå kommer jeg Johann!» er noko så spesielt som einslags presteleg raseriutbrot like før gudstenesta han skal halde. «Bjønn» er ei kriminalnovelle, «Musikanter» krinsar rundt det å bere to ulike instrument (ein kontrabass og ein dobrogitar).

Det heile er forførande, flinkt — og forferdeleg. Det er grotesk, opprørande, vanvittig, sært, sjukt - og svinaktig godt litterært handverk. Språket er fenomenalt, originalt og samtidig så rytmisk spennande at eg berre kan gje meg over. Flink har dessutan eit ordtilfang som knapt nokon av den generasjonen forfattarar han tilhøyrer (1976) eingong er i nærleiken av.

Eit hjartesukk og ei åtvaring til slutt. Eg lengtar til den dagen Jon Øystein Flink vel å nytte det fenomenale talentet sitt på litt mindre grotesk, episk dikting. Og - viss du er tynnhuda er det snautt nokon god ide å lese denne novellesamlinga.

Bjarne Tveiten

**BOK

Banjoland**

Forfattar: Jon Øystein Flink

Noveller

Forlag: Cappelen