BIOGRAFI

Kristofer Uppdal. Ein mot alle.

Forfattar: Arild Bye

Forlag : Aschehoug

Uppdal er den stor rallardiktaren i norsk litteratur, og hans eige liv hadde rallarens uro i seg.

Interessa for rallardiktaren Kristofer Uppdal (1878-1961) er ikkje stor for tida. Han blei henta fram i radikale krinsar på 1970-talet, men nå er det gløymsla att. Det er synd, for han er ein god forfattar, og han er viktig fordi han som ingen andre skildra rallarkulturen og industrireisinga i Noreg. Den ti band store syklusen Dansen gjennom skuggeheimen er eit landemerke i norsk litteratur. Men Uppdal debuterte som lyrikar. Med Kvæde i 1905 blei han ein føregangsmann for modernismen her til lands, langt tidlegare enn det har vore vanleg rekne som gjennombrot for denne retninga.

Nå ligg det føre ein omfattande, solid og velskrive biografi om Uppdal, forfatta av journalisten Arild Bye, Kristofer Uppdal. Ein mot alle. For slik blei livet hans, eller han skapte det slik, at han blei meir og meir isolert, han var geniet som stod åleine. Det utvikla seg til paranoia, og han var innlagd på Gaustad i tre år. Det kan ha vore ein samanheng her med den manglande aksepten i samtida. Det norske stortinget, heller ikkje då Arbeidarpartiet rådde, såg seg råd til å gje han diktarløn før han var over 60 år. Han kom på kant med leiende partifolk etter den russiske revolusjonen i 1917. Framsynt argumenterte han for at rørsla måtte reformere dei demokratiske styringsformene heller enn å bøye seg inn under Moskva. Det var mot partilina. I kyrkjelege krinsar blei det åtvara mot bøkene hans. Uppdal skildra rallarlivet i heile si breidd, irekna fyll og spetakkel og saftig erotikk.

Uppdal var trønder, miste tidleg mora, blei sett bort ei tid, gjette frå ni-årsalderen, blei mishandla i ein av heimane han kom til. Skrive— og -lesehugen var sterk, og han fekk seg et par vintre på folkehøgskolar, men det var rallarlivet som gjorde at han overlevde. På Sørlandet var han med på å bygge Arendal-Åmli-banen. Hans skal ha likt seg godt i Froland, der han blei leiande fagforeiningsmann. Men han skreiv i alle ledige stunder og nattetider. Det var ofte ein kamp å få ut diktsamlingane. Erik Gunleikson i Risør gav ut tre, men honorar var det ikkje snakk om. Først med romansyklusen fekk han ei viss inntekt, men ikkje til å leve av. Det gjekk frå hand til munn på Stugu, den vesle plassen han kjøpte i Asker. Han fekk ein del stipend, mellom frå forfattarforeininga og meir velståande kollegaer, Sigrid Undset og Hulda Garborg var mellom dei, men det blei mange år i fattigdom og naud før han mot slutten av livet fekk nokre gode år etter eit liv med mange oppbrot og dramatiske vender. Rallarlivets uro følgde han langt inn i alderdommen.

Noko av elendet må han ta ein del av skulda sjølv. Når han hadde pengar, gjekk turen til kunstnarvener i Oslo, der det blei festa i dagevis. Heime sat kona Bergljot med sine eigne diktardraumar, og etter kvart med tre barn. Ho fekk ut éi bok, så var det stopp. Vilhelm Krag var nådelaus konsulent. Ho sank ned i sinnsjukdom og enda sitt liv på Blakstad 46 år gamal.

Uppdal var ein ivrig samfunnsdebattant i mange år, litteraturkritikar, på alle omkverve stri og sta. Han skreiv ein trøndervariant av nynorsk mange meinte det var vanskeleg å lese, slikt er stort sett ein viljesak, men det er ikkje uventa at han i målsaka kom på kant med mange.

Arild Bye har med omfattande granskingsarbeid fått fram mange nye og ukjende sider ved ein livslagnad som fekk så mykje av det tragiske i seg, men eit storverk står att.