Naturlyrikk eller språklege meditasjonar? I alle fall er det ei bok ein vert rik av å lese.«Grenda grev ned sine dagar» heiter det på side 12 i denne uvanlege diktboka. Det er lett å sjå kva det tyder. Tida går. Grenda i dag er ikkje det same som grenda i går. Og ein dag er grenda borte. Så einfelt, og så presist kan det seiast. Kjartan Hatløy er ei sterk røyst i norsk poesi for tida. Ti bøker har han gjeve ut på snart 20 år. Ikkje at eg har lese dei alle. Men sidan eg møtte boka «Fjord» i 2011 har eg vore «fan», om ein kan seie det slik.

Hatløy grip tak i det nære. Ein veg med lyktestolpar, ein sving, ein fjordarm, ei li, eit stup, ein berghammar. Det er her vi er. Og så er vi i universet. Mellom menneske og stjerner.

«Veglys lyser / strøymer ned på den slakke bakken / lys fell som er kvitare enn sukker, kvitt som flytande stål / eit sort mørkre er i ein elsk med kvar av desse / det vart så glad då dei kom».

Mørkret i elsk med lyset frå lyktestolpene? Mørkret vart glad då lyset kom? Det går an i Hatløys språk.

Sol, fugleartar, ei li med einebusker, synsrand, auge, blomar og tre, maur, hjort, bergnut og elv, holme, juv, oter og fossekall, menneskebarn, fjordhest, tistel, ramn og ørn — alle desse er med, det er så konkret, så nært og så naturleg alt saman.

Men så er det årstide r, vår, sommar, haust og vinter, og så er det barndom, ungdom, mogne år, alderdom og død. Alt er med her, både på og mellom linjene.

«Grashoppene bur i spelet sitt», havørna er «sjølvaste svevande himmelkvelveigaren». Tidleg i boka heiter det at «dødsdagen / har vi nok sol i lommene for ein milliard år / så mykje vi møtest» .

Til slutt heiter det, om havørna, som kjem «frå ei større reise enn vår» - ho sender eit blikk til jorda og det råkar «alle nede på tunet».

«Dei vart fint kledde i det. Ja / nokre sekund, ei lita tid / verka dei oppkledde» .

Naturmystikk med humor vil eg kalle det.