Champagne— og likørfaktoren er høg i denne fornøyelege romanen.I 2013 kom «Svindel og multelikør», ein roman av Catharinga Ingelman-Sundberg, som forlaget Silke skriv at blei seld i 1 million eksemplar på verdsbasis. Eg har ikkje lese den. Årets bok startar, av alle stader, i eit kasino i Las Vegas, der dei fem som kallar seg «Pensjonistligaen» lurar eigarane trill rundt for millionar, pengar som skal gjere livet lettare for gamle og sjuke heime i Sverige. Vel heime att blir MC-gjengen «Bandangles» plagsam, men sjølvsagt ryddar gamlingane opp. Neste kupp, «Guldrummet» på Historiska Museet i Stockholm, blir nitid planlagt og gjennomført, for å skaffe endå fleire pengar til trengande i Sverige. Men, kjem pengane fram dit dei skal?

Dei fem medlemene av ligaen er: Märtha Anderson, gymlærar og initiativtakar, Oscar «Lynet», Krupp, mellom anna låsspesialist, Anna-Greta Bielke, internettkunnig og økonomiansvarleg, Stina Åkerblom, overklassedame, litterært interessert og Bertil «Riva» Engstrøm, kvinneglad og ekspert på å jukse i kortspel. Pensjonistar, og i høgste grad oppegåande. Dei er på ein måte ei moderne utgåve av Robin Hood, i fleirtal, men rana gjer at dei kan unne seg både god mat og drikke.

Champagne- og likørfaktoren er høg! Boka er først og fremst lettbeint, småskravlete underhaldning, men forfattaren greier å skape mange artige og, til dels, spennande situasjonar. Saman beherskar gjengen det meste av moderne datateknikk, jamvel regelrett «hacking» når det trengst.

Eg vel å meine at det ikkje er tilfeldig at boka kjem etter ein turbulent periode i svensk innanrikspolitikk, med blant anna ein god del privatisering innan offentleg sektor. Romanen kan lesast som kritikk av offentleg fattigdom, men som eit bakteppe ligg heile tida ei viss ironisk avstand. Geip og sjølvironi, av og til påteken naivitet, gjer at smilet, iblant også latteren, slepp til.

Hovudinnvendinga mot boka er at ho er for lang, rundt 360 sider. Det blir for mykje likegyldig småprat, for ikkje å seie langhalm. Plottet er for snautt til å fylle så mange sider. Personskildringane er overflatiske, etter mi meining nærmar dei seg stereotypiar. Men, slik i etterkant, stort sett hadde eg det hyggeleg med dei fem opprørske og artige gamlingane.