Barnebok

Forfattar: Rick Riordan

Forlag: Schibsted

Sadie (12 — 13) og Carter (14) Kane, hovudpersonane, er sysken. Mor Ruby, antropolog og spesialist på gamal DNA, døydde for seks år sidan. Far Julius Kane er verdskjend egyptolog. Han forsvinn når han med magi sprenger den såkalla Rosetta-steinen i British Museum. Ein onkel, Amos, avslører at Sadie og Carter har faraoblod i årene. Far slepper laus farlege kaoskrefter når han sprenger Rosetta-steinen. Med Set, guden for vondskap i spissen for vondskapskreftene, er vår sivilisasjon i fare. Berre dei to syskena kan redde verda. Utan smålege omsyn let forfattaren syskena, saman med ei kattekvinne og ein albinokrokodille, nedkjempe grufulle uhyre. Magi flytter dei lynraskt mellom USA, England og Frankrike. Det er kommersielt, for ikkje å seie spekulativt, men forfattaren formidlar masse kunnskap om egyptisk mytologi i ei form eg trur vil tiltale unge lesarar. Dessutan teiknar han to fine barne-/ ungdomsportrett, og let dei i beste fantasy-stil endre karakter utover i handlinga. Forelsking høyrer med, Sadie har eit godt auga til ein unggut – som viser seg å vere Anubis, guden for dei døde! Epokeskapande fantasy er det ikkje, men det episke drivet er forrykande. Dei to hovudpersonane fortel kvar sine delar av historia i etterkant, eit forteljargrep som fungerer godt. To bøker til er planlagde i serien.