«Ubel aber egal», eit ukjent tysk band, er ein slags raud tråd gjennom Den lange vegen til likeglede, andreboka til Toril Hjartåker Hauge. Når vi møter Frøydis, den einaste kvinnelege hovudpersonen i boka, er det sju år sidan ho møtte dei to mannlege hovudpersonane mens dei alle tre studerte filosofi grunnfag. Sjølv drikk ho vel i meste laget, gamlekjærasten Jan er ferdigutdanna jurist; og den tredje, Arnvid, sel bilar og er ikkje så lite av ein jentefut. Når boka startar, skal dei tre samlast att for å dra til Berlin og eit gjenhør med bandet. Retrospektivt får vi innsyn i litt av det som hende sju år tidlegare. Skildringa av studentmiljøet den gongen er noko av det mest vellykka i denne romanen, som litterært er nokså ujamn.

Debutromanen, Lys, var — etter mi meining - lovande. I andreboka viser forfattaren framleis at ho handterer det språklege svært godt. Men elles er Den lange vegen til likeglede ikkje heilt vellykka. Det skuldast fleire ting. Tidskifta verkar tilfeldige, for ikkje å seie rotete. Boka tar opp mange tema: kjærleik, studentmiljø, pubertet, men, som i debutromanen Lys, greier ikkje forfattaren heilt å skilje mellom vesentleg og uvesentleg.

Det vert ofte snakka om den vanskelege andreboka. Den slags skal ein ikkje leggje for mykje i, men i dette høvet lyt eg i alle fall nemne det som eit moment.

Bjarne Tveiten

**BOK

Den lange vegen til likeglede

Forfattar: Toril Hjartåker Hauge**

Roman

Forlag: Det norske samlaget