Boka startar med at ei namnlaus kvinne brått berre forsvinn. Den like namnlause, mannlege eg-personen fattar lite. Endå verre, når han kjem heim, er alle kleda hennar, alle personlege eigendelar søkk vekk! Kva som har hendt får vi aldri vite, men forsvinningsnummeret set i gong ei rekke refleksjonar hos eg.Det er ein underleg roman, dette. Forfattaren har tidlegare skrive dikt og essay, og særleg essayisten er sterkt til stades. Båe dei namnlause samtalepartnarane er intelligente menneske, og samtalane er reflekterte og interessante. Men — er boka eigentleg forteljande? På sett og vis er ho vel det, men det er no svært så mykje filosofering omkring diverse som forhold mellom menneske, bøker og så vidare. Film er også noko dei to er opptekne av. Personleg reagerer eg litt på grunntonen i ein del av dialogane: det smakar litt av: «No skal du høyre, kjære elev!»Det er vanskeleg å skrive om kjærleik, svært vanskeleg. Sjølv i vanleg forteljande form er det krevjande, og i den resonnerande og filosoferande forma Espeland har valt, blir det endå meir komplisert. Han kan ikkje berre, for å seie det litt banalt, skildre og skrive om kva kjenslene får den enkelte til å gjere for den ho/han elskar, Stueland vil med sitt intellekt kome til botnar i kva fenomenet kjærleik er. Det synst ikkje eg han greier, og eg heldt på å legge til, gudskjelov!

BOKForfattar: Espen Stueland:Tittel: KJÆRLIGHET I TIDE OG UTIDERomanForlag: TidenBjarne Tveiten