I det relativt vesle persongalleriet står pubverten sjølv, Roger Flaaten, den førtidspensjonerte, einslege og aftenpostenlesande Marius Lund, kunstmålaren Erlend Johnsen, spesialrøyrleggjar med innebygd angst, Einar Skoppen, forretningsmannen Ronald Stenersen — saman med andre - sentralt. Nokre damer er det og: posttilsette Grethe Johnsen - ofte på meir eller mindre diskret mannejakt, nyskilde Nina Strand, den frigjorde forretningskvinna Trude Kleive osv. La meg slutte oppramsinga her.Mest går det i øl, men både vin og sprit høyrer med på ein pub. På hektiske fredagar og laurdagar trivst det faste klientellet måteleg. Dei rolege kveldane, med dei faste i lett, middels eller tung rus; då kjem vi innpå dei sentrale personane. Pubverten er sjelesørgjar, Marius Lund var ein dyktig lærar, men møtte veggen - osv. Personane er sikkert teikna, og sjølv om forfattaren aldri går verkeleg djupt i personskildringane, opplever eg dei som levande og truverdige. På Pub York stiller alle likt, det er ei hamn for både filosofen Marius Lund, periodedrankaren Skoppen og svirebrørne Goggen og Svenna.Stor litteratur - nei. Men Tore Tveit er menneskekjennar, og det er både god underhaldning og jordnær menneskekunnskap i romanen.Bjarne TveitenBOKForfattar: Tore Tveit:Tittel: YORK PUBRomanForlag: CappelenLevande og truverdige pubgjester og mye jordnær menneskekunnskap.