Hovudpersonen til debutanten Lise Forfang Grimnes, Minja, 16 år gamal, vaknar opp i blokkbustaden på Stovner, forslått og utan minne om kva som har hendt dei siste dagane. Bestevenen Josef er sporlaust borte, og ho prøver å finne ut kva som har hendt. Ho drøymer om jenter med kurumpe, ein vakker mann, eit kyss og ei kjensle av å bli trekt ned i eit myrhol. Mor er rastlaus, Minja er resultatet av ein såkalla one-night-stand. Dessutan er ho ekstremt sterk. Ho knuser tallerknar med fingrane. Noko er det med noko med augo også, som eg ikkje skal røpe. I del to fortel forfattaren kva som hende dei dagane som er ute or minnet, i siste delen kjem eit forrykande drama når Josef — han er ingen kjærast - skal reddast.

Grimnes fortel greitt, greier å skape spenning, og mange vil sikkert like miksen av fantasy og vanleg fiksjon. For den kresne finst ei rekke frampeik, og forfattaren gjer flittig bruk av persisk og norsk folketradisjon. Språket er også stort sett greitt, sjølv om det spriker litt. Boka fyller vel 350 sider, og det er hovudinnvendinga mi. Det blir for mykje småprat, utanomsnakk. Romanen verkar skikkeleg gjennomarbeidd frå forfattaren si side, men konsulentapparatet til Aschehoug burde, etter mi meining, ha luka ut ein del av småpraten. Det ville ha gjort ei god ungdomsbok til uvanleg god.