Peter Handke (71) har skrive masse i mange sjangrar sidan han debuterte i 1966. Mykje er omsett til norsk, mest kjend er vel "Målmannens angst ved straffesparkmerket" (1971). Dei siste 12 — 15 åra har ingen norske forlag "tatt" i han. Det skuldast to forhold: at han forsvarte Serbia under krigen på Balkan, og at han tala i gravferda til Slobodan Milošević. Eg skal ikkje kommentere det, men slå fast at han ikkje berre i Austerrike, men i verdsmålestokk, er ein ruvande litterat. At store forfattarar kan vere politisk meir eller mindre blinde, kjenner vi til hos oss også. Berre tenk på Knut Hamsun?

"Det store fallet" fortel om ein namnlaus skodespelar som ein morgon vaknar i eit hus på landet utanfor ein storby, til skikkeleg torever. Kvinna som har delt seng med han, og dessutan elskar han, har reist på arbeid. Svært detaljert, og med eit språk fullt av innskotne bisetningar, men samtidig kjølig og registrerande, fortel Handke om korleis skodespelaren, som ikkje elskar kvinna, går frå huset og innover mot storbyen. Mellom anna fordi Handke dei siste 20 åra har budd der, det finst andre hint også, er det grunn til å tru at byen er Paris. Men før han går ryddar og steller han i huset, også dette detaljrikt fortalt. Han møter menneske på ferda mot sentrum; unge og gamle, dei fleste namnlause, men eigentleg går han i si eiga verd, reflekterande og registrerande. Han skal både feirast, og starte ei ny filminnspeling, men det er uklårt om han vil møte opp. Det gjeld både feiringa og filminnspelinga. Romanen handlar altså om ein skodespelar som opplever ei kunstnarleg krise. Roller å spele får han framleis, men dei interesserer han ikkje lenger, dei utfordrar han ikkje, han er likeglad.

Eg har lese dei fleste av bøkene hans som er omsette til norsk, men ikkje alle. Likevel, meiner eg, nok til at eg kan slå fast at "Det store fallet" er ein typisk Peter Handke-roman. For første gong skal eg, som bokmeldar, sitere Store norske leksikon. Der heiter det mellom anna: "Handkes omfattende og mangfoldige verk kretser om subjektets og individets posisjon. Ved hjelp av en sensibel nøyaktighet skildres det sårbare individets ensomhet og fortapthet. Gjennom språklige eksperiment, gjennom ulike litterære former, gjennom detaljerte og minutiøse beskrivelser av og refleksjoner rundt det enkelte subjekt nærmer Handke seg sitt hovedtema." Akkurat!

Kva er det så Handke eigentleg vil med denne romanen? Som i alle bøkene eg har lese av han, det er langt frå klårt. Men - kanskje er det ein slags ny erobring av byen, det urbane, støyande livet der? "Det store fallet" - tilbake til det han eigentleg foraktar? Vi skjønar at han har vore ute på landet ei tid før han startar tilbaketuren. Likevel, dette er ikkje stort meir enn gissing.