KRISTIANSAND : Hovudutvalet for kultur og utdanning i Vest-Agder fylkeskommune har delt ut ei mengd prisar og stipend i møte 20. november. Fremst mellom dei er fylkeskulturprisen som i år går til Halvdan Furholt, folkemusikar og målmann frå Songdalen.

Furholt, som er fødd i 1931, har frå ung alder vore bærar av hardingfeletradisjonar frå Åseral, Setesdal og Telemark. I 2007 vart han æresmedlem i Landslaget for Spelemenn, og han har spelt på internasjonale festivalar i land som DDR, Russland og USA.

I Songdalen mållag har Furholt vore aktiv i ein mannsalder, og i 2001 vart han æresmedlem i Vest-Agder Mållag. Same året fekk han kulturprisen frå Songdalen kommune og Kongen si fortenestemedalje i sølv.

Vest-Agder fylke sin kulturpris vert delt ut i Klubben i Kristiansand 18. desember og omfattar 50.000 kroner og eit kunstverk av Tone Svaland Holberg.

Hovudutvalet for kultur og utdanning har og bestemt at Karin Moe Hennie og Ragin Wenk-Wolff skal ha 100.000 kroner kvar i arbeidsstipend for kunstnarar.

Karin Moe Hennie (fødd 1976) er dansar og arbeider med kombinasjonen av dans og tekst, mellom anna i samarbeid med Kilden, Kreftforeininga og Sørlandet sjukehus. Ho vil bruke stipendet på ei ny base i kunstmiljøet på Odderøya.

Ragin Wenk-Wolff (fødd 1958) frå Lindesnes er fiolinist og er ein internasjonalt kjend utøvar. Stipendet har ho fått for å fullføre prosjektet "Ragin a la mode", der ein nyttar videoteknologi for å skape scenografi.

Sigurd Tenningen (fødd 1982) busett i Kristiansand har fått utvekslingsstipend på 50.000 kroner. Han er medredaktør av tidsskriftet Vagant, og har fått stipendet for å starte arbeid i Berlin.

Det er i tillegg delt ut fire kunstnarstipend på 40.000 kroner kvar.

Ane Fornes (billedkunstnar), Flekkefjord

Odd Hynnekleiv (filmfotograf), Kristiansand

Cornelius Jakhelln (forfattar), Kristiansand

André Tribbensee (billedkunstnar), Kristiansand

Utforsyklisten Marianne Ruud har fått idrettsstipend på 40.000 kroner.

Tor Anders Nodeland har fått Frivilligheitsprisen for arbeid med barn og unge i samband med innsatsen sin i Kristiansand Ishockeyklubb. Prisen består av 25.000 kroner og eit kunstverk.