Bondejenta Josefa og taterguten Alexander er fødde tidleg på 1900-talet. For bondefolket på Børset er det ein tragedie at eldstejenta blir omreisande, og betre er det ikkje at ho er gravid. Josefa og Alexander får to barn, men dei blir båe i ung alder tekne av barnevernet, og plasserte i ein misjonsinstitusjon. Vi følgjer glimtvis ekteparet, der ektemannen Alexander etter kvart blir temmeleg alkoholisert, og der Josefa aldri greier å bli kvitt tanken på dei to barna. Først i aller siste fase av livet, i 1972, får ho sjå dei to sønene att. Romanen er eit innlegg i debatten om norske styresmakter og Norsk misjon blant hjemløse når det gjeld romanifolket. Forfattaren har, så vidt eg har skjøna, sagt nokså klårt at hans eigne foreldre i alle fall er modellar for personar i boka. Han prøver å dempe kritikken Norsk misjon blant hjemløse har fått, vise forståing, nyansere. Når det gjeld behandlinga taterfolket fekk av norske styresmakter generelt, og av Norsk misjon blant hjemløse spesielt, blir ei slik ufarleggjering vanskeleg å svelgje.Romanen er nokså rotete og litterært svak, og dei religiøse overtonane opplever eg som problematiske.BOKForfattar: Kristian BredesenTittel: TATERBLODRomanLunde ForlagBjarne Tveiten